28. mars 2019

Slik er statusen vår per 26. mars

Per 26. mars 2019 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 145 nynorskpraktikantar, og 57 prosent av dei arbeider i media. 39 prosent er i NRK og 14 prosent er journalistar i aviser og på nettstader. Fire prosent er i andre media som TV 2, Radio 1 og frilans.

I den nyaste statusrapporten vår kan du lese om tidlegare nynorskpraktikant Roger Sevrin Bruland, som nyleg fekk ny jobb som utanrikskorrespondent for NRK i Berlin. I statusrapporten kan du og lese om korleis det går med kull 30, som no er under opplæring i Førde. Og korleis gjekk det eigentleg med dei fem damene på kull 29, etter at dei var ferdige i Førde?

Vi skriv og om fleire andre som har fått seg fast arbeid, og vi har som mål å få 200 deltakarar på nynorskkurs.

På biletet øvst i artikkelen er kull 30 samla i Førde. Dei er ferdige med grunnopplæringa på «loftet» og er no i gang med intern praksis på desken i NRK Sogn og Fjordane. Frå mai skal dei i ekstern praksis i NRK Supernytt, NRK Sporten, NRK Sogn og Fjordane, NRK Finnmark og NRK sin innanriksredaksjon på Marienlyst.