7. juni 2018

Fast jobb i NRK Finnmark

– Det kom veldig uventa på meg, seier Wibeke Bruland.

FAST JOBB: Wibeke Bruland vart overraska då ho fekk fast jobb i NRK Finnmark.

Berre eitt år etter at ho var praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter, fekk Wibeke Bruland fast jobb i NRK Finnmark.

-Det var veldig uventa. Eg har aldri hatt fast jobb før, så det er ei litt skummel rolle å tre inn i. Eg føler meg også veldig heldig som har fått det så raskt etter å ha gått på NRK Nynorsk mediesenter. Eg veit om mange som jobbar som vikarar i mange år før dei får noko fast, seier 34-åringen frå Utvik i Nordfjord.

Ho legg til:

-Då eg posta bilete av meg på Facebook samme dag, fekk eg meir likes og kommentarar enn det eg plar få på bursdagen min. Så eg trur det var andre som også blei overraska, og ikkje minst glade på mine vegner. Eg har jo alltid vore på reise og vanskeleg å følge med på. No er eg fast!

-Har vore bratt læringskurve

Bruland var våren 2017 nynorskpraktikant på kull 26 ved NRK Nynorsk mediesenter. Ho hadde ekstern praksis i NRK Finnmark, før ho fekk eit årsvikariat der frå hausten 2017.

-Tida i NRK har vore hektisk, så det blir godt å kunne vite at eg har jobb framover – og at eg ikkje må stresse med søknadar. Læringskurva har vore bratt, seier ho.

Bruland jobbar i radiogruppa til NRK Finnmark, der ho likar å gje plass til dei «små» historiene. Ho snakkar gjerne med menneske som har eit prosjekt på gang, eller som er lidenskapeleg opptekne av noko – rett og slett dei gode kvardagshistoriene. Likevel har ho klart å produsere «mest leste sak» på nett i NRK Finnmark to månadar på rad.

MEST LEST: Slik ser veggen med mest lest-sakene i NRK Finnmark ut. Wibkene Bruland er godt representert, sjølv om ho stort sett jobbar radio.

Vakna til sludd i morgontimane

Sjølv meiner ho at dialekta hennar er i ferd med å få ein «finnmarkssleng», og ho vedgår at ho trivst godt i nord. Ho har tidlegare jobba som hundekøyrar nord i Finland og i Kirkenes. No er planen å bli verande i landsdelen – men ho veit ikkje om ho blir finnmarking for godt.

-No er det veldig kaldt her i forhold til i Sør-Norge. I dag sludda det i morgontimane. Så eg er nok litt misunneleg på alle som kan gå rundt med singlet, shorts og bli solbrende i panna. På måndag måtte eg pakke ut igjen vinterjakka mi, så no går det i parkas igjen. Men vi får vel fint vêr når det gjev seg i sør, humrar Bruland.

TRIVST: Wibeke Bruland likar jobben sin og trivst godt både i felt og i studio.