21. februar 2018

Slik svarte Wibeke på nynorskkritikken

Mange har likt Wibeke Bruland sitt Facebook-innlegg, der ho svarar sakleg på kritikk mot nynorsk i Finnmark.

PÅ JOBB: Wibeke Bruland frå tida som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. No er ho vikar i Finnmark.

– Eg tenkte det var best å svare før dei som var negative rotta seg saman. Litt brannslokking kan du seie. Ofte gir folk seg dersom dei får en god grunn og eit litt personleg innblikk. Så i denne utsegna valde eg å bli personleg, men passe på at det ikkje blei privat. Det er greitt å vite at det faktisk også er personar bak den blå NRK-logoen, seier Wibeke Bruland.

Etter at ho skreiv sak og la denne ut på Facebook, kom det eit par reaksjonar frå folk som irriterte seg over at NRK Finmark brukar nynorsk i tillegg til bokmål. Ein lesar skreiv: «Halooooo NRK Finnmark seriøst mener dokker at nynorsk er blitt det nye nu? æ vil ikke være med på dette». Då valde Bruland å svare på ein sakleg måte:

SAKLEG: Her er svaret Wibeke Bruland gav ein lesar på Facebook.

I etterkant har det vore eit par lesarar som har prøvd seg på meir kritikk, men Bruland vel å ikkje hengje seg opp i det. Ho tolkar det først og fremst som forsøk på å provosere. På den andre sida har ho fått ein del positiv respons. På svaret sitt har ho fått 45 likes og hjarter – langt fleire enn på innlegget frå den kritiske lesaren.

Sjølv har ho jobba mest radio etter at ho byrja i NRK Finnmark, der ho no er inne i eit vikariat. Ho trur ikkje folk som høyrer dialekta hennar tenkjer så mykje over det. Men etter at det vart meir jobbing på nett, har også nynorsken blitt meir synleg.

– Eg har vore ganske åleine med å vere nynorsking i NRK Finnmark dei siste månadane. Men etter jul kom det ein sunnmøring, så no er vi to som har dette som hovudmål. Dei siste vekene har vi begge to jobba på nett – og då har det komt nokre reaksjonar på Facebook-sida. Eg såg det hadde kome nokre reaksjonar i vekene før også, men no når vi var to som produserte saker også til nett, så blei det jo eit stort hopp i nynorskstatistikken av saker, seier den tidlegare nynorskpraktikanten.

Wibeke Bruland gjekk på kull 26 våren 2017. Ho hadde ekstern praksis i NRK Finnmark, før ho hadde sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Hausten 2017 fekk ho eit årsvikariat i NRK Finnmark.