https://www.nynorskmediesenter.no/Sluttar med kurs
22. februar 2013

Sluttar med kurs

– Vi legg ned kursverksemda vår frå 1.mars fordi vi ikkje maktar den attåt det andre vi har å gjere. Hovudoppgåva vår er å lære opp 10 nynorskpraktikantar i året og frå hausten av skal vi også samarbeide med Nynorsk avissenter i Firda, seier Magni Øvrebotten.. 

– Så lenge vi hadde eigen kurshaldar i 60 % stilling gjekk det greitt. Men eg maktar ikkje å ha den stillinga i tillegg til mi eiga, slik eg har prøvt frå i fjor haust. Kursa måtte førebuast på fritida, i helgar og på kveldar, og det går ikkje i lengda. Eg måtte ta eit val. Det var både lett og vanskeleg. Lett fordi det gjev seg sjølv kva som er viktigaste oppgåva vår, vanskeleg fordi vi hadde ein idealistisk tanke bak kursverksemda. Vi skulle tilby kurs til dei som elles ikkje nådde i slike kurs, men det var likevel ikkje dei som brukte oss, seier Øvrebotten.

Hovudoppgåva Opplæringa og oppfølginga av ti nynorskpraktikantar i året er hovudoppgåva til NRK Nynorsk mediesenter. Vi har snart sendt frå oss 85 nynorskpraktikantar og vi slepper dei ikkje heilt, sjølv om dei er ferdige med halvåret hjå oss. Dei har fortrinnsrett til stillingar i NRK i tre år etterpå, og vi prøver å sikre dei som er dyktige nok til å halde fram i yrket. 

– Alt tek tid, og no skal vi også samarbeide med Nynorsk avissenter i Firda, som tek inn kull ein når vi ynskjer kull 19 velkomne 19.august. Nynorsk avissenter skal få del i røynslene våre og vi skal samarbeide om det vi kan samarbeide om. Det er viktig at desse to tiltaka for opplæring av nynorskbrukande journalistar lukkast, seier Magni Øvrebotten.

Kursverksemdavert lagt ned frå 1. mars. Vi har halde dei kursa som var datofesta og varsla dei som brukte oss mest om at vi ikkje held fram med kurs. 

Føremålet med kursverksemda vår var å gje folk kunnskap om og trening i media, slik at dei vart trygge og frimodige nok til å delta i samfunnsdebatten. Særleg ynskte vi å nå kvinner, dialekt- og nynorskbrukarar og utkantbuarar, for å få fleire av dei med i media. Det er viktig for demokratiet vårt at deltaking i media ikkje vert for dei få, og at media ikkje er eit lukka land for utanforståande.

– Dette var den idealistiske bakgrunnen for kursverksemda vår. Vi heldt kurs i medietrening, beredskap, presentasjon, stemmebruk, skriving for nett og god nynorsk. Men det var i hovudsak offentleg – og privat verksemd som nytta oss, og dei har høve og råd til å finne seg andre kurshaldarar, seier Magni Øvrebotten.