22. september 2011

Små steg, små gleder

Vi lærer oss fort til å glede oss over lite vi som arbeider for nynorsken. Sist veke vart eg mest stum då fungerande leiar for Kulturavdelinga i NRK, Alf Magnus Reistad, fortalde at dei ville prioritere nynorskpraktikantar (og folk frå NRK FleRe), når dei tilsette i vikariat. Hadde vi ikkje site ved eit bord, med mat i munnen begge, hadde eg […]

Vi lærer oss fort til å glede oss over lite vi som arbeider for nynorsken. Sist veke vart eg mest stum då fungerande leiar for Kulturavdelinga i NRK, Alf Magnus Reistad, fortalde at dei ville prioritere nynorskpraktikantar (og folk frå NRK FleRe), når dei tilsette i vikariat. Hadde vi ikkje site ved eit bord, med mat i munnen begge, hadde eg kanskje takka han opp i handa.

Positiv særbehandling Det trass i at direktørmøte i NRK, heilt sidan 2008, har gjort fleire vedtak om at dei vi lærer opp i NRK Nynorsk mediesenter og FleRe skal ha positiv særbehandling ved tilsettingar i NRK. Dei skal reknast som interne søkjarar fordi NRK FleRe og Nynorsk mediesenter er strategiske rekrutteringstiltak i NRK. Vi har dei fordi NRK meiner vi har for lite av både fleirkulturelle og nynorskbrukarar.

Manglande medvit Mange redaksjonar har ingen av delane. Det er teikn til litt skjemdarvit når ein manglar fleirkulturelle, men ikkje når det gjeld mangel på nynorskbrukarar. Etter mitt enkle hovud burde det vere eit ekstra pluss å vere fleirkulturell og/eller nynorskbrukar når ein søkjer arbeid i avdelingar med få eller ingen slike. Men dit er det langt fram. Hjå mange er det ein utenkt tanke, meir av manglande medvit enn motvilje, trur eg.

La meg ta eit ferskt døme, utan å nemne avdelinga med namn, for dette kan skje i mange avdelingar. Denne her hadde ein nynorskpraktikant i praksis, som dei ikkje fekk fullrost nok. Ei frå NRK FleRe arbeidde der også. Det vart lyst ut eit vikariat, som dei to vart oppmoda om å søkje på. Avdelinga mangla både fleirkulturelle, nynorskfolk og menn. Likevel vart ingen av dei to tilsett, men fekk halde fram på lausare vilkår – endå nokre veker.

Kulturavdelinga eit føredøme I lys av slike røynsler helsar eg vedtaket i Kulturavdelinga i NRK velkome, og er spent på kva det vil føre til i praksis. Eg kjenner at eg legg ned forventningsnivået, fordi dei samstundes skal nedbemanne og kutte i budsjettet. Kanskje for å ikkje bli for skuffa? Men uansett ser eg på Kulturavdelinga som ein interessant «pilot» på kva det inneber å seie at ein skal prioritere nynorskpraktikantar og FleRe-folk. Vert det følgt opp i praksis, kva motstand møter det og kva røynsler gjev det ?

Uår på nynorskbrukande journalistar Vi treng ein kultur på at redaksjonelle leiarar leitar etter, og tilset det dei manglar, ikkje berre tilset meir av det dei har frå før. Eller automatisk tilset folk som alt er i redaksjonen. Berre på den måten kan NRK spegle mangfaldet i dette landet.

Eg har rekruttert nynorskbrukande journalistar til NRK i vel 25 år, men det er uhyre sjeldan at NRK-leiarar ringjer meg og spør om tips til nynorskfolk dei kan bruke. I staden fortel dei kringkastingssjefen at det er uår på nynorskbrukande journalistar, når han etterlyser tiltak for å få opp nynorskprosenten. Det er meir ei lettvindt bortforklaring enn sant.