20. april 2010

Småbarnsmødre kan snu seg

NRK Nynorsk mediesenter er eit lite tiltak, med fire tilsett. Tre småbarnsmødre og ei bestemor . Vi må planlegge godt og nøye på lang sikt, for å få kabalane til å gå opp. Særleg gjeld det i kursverksemda. Alt i fjor haust lova vi beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at vi skulle stille med to journalistar […]

NRK Nynorsk mediesenter er eit lite tiltak, med fire tilsett. Tre småbarnsmødre og ei bestemor . Vi må planlegge godt og nøye på lang sikt, for å få kabalane til å gå opp. Særleg gjeld det i kursverksemda.

Alt i fjor haust lova vi beredskapsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at vi skulle stille med to journalistar på beredskapsøving for kommunane 20.-21. april, i Loen og Førde. Kurshaldar Wenche Eikum hyra med seg Inge Kjell Holme, som har vore med på tallause slike øvingar fram gjennom åra. Han har slutta i NRK og er lærar på den vidaregåande skulen i Sogndal.

Sist veke reiste han til London med klassen sin, og vart sittande fast der då oska frå Island kom drivande. Der sat også mannen til kurshaldar Wenche, men han kom seg heim att tidsnok til å ta over på heimebane. Men Holme sat fast i London, han var «stuck» der, som det av ein eller annan merkeleg grunn har vorte så  populært å seie.

Gode råd var dyre. Kull 12 er på veg ut dørene og kull 13 skal plukkast ut, det er meir enn nok å gjere for alle. Faglærar Tone Lin Støfring har mammapermisjon, men er kjend som ei dame som tek det meste på hælen. Ho hadde alt meldt frå at ho tenkte å ta nokre dagar på arbeid når mannen kom heim på turnusfri siste veka i april.

Men oska frå Island gjorde at vi mangla ein kurshaldar denne veka. Trebarnsmora organiserte og styra det til, så no er ho og den åtte månader gamle sonen Ludvig på beredskapskurs i Loen, saman med Wenche. I morgon skal ungen vere heime med ei moster, medan damene tek siste kurset i Førde.

Kom ikkje her og sei at småbarnsmødre ikkje kan snu seg  – og små organisasjonar med – når oska legg seg over landet.

Faglærar Randi Indrebø kom kvinande på ein sykkel i dag tidleg, etter å ha levert to gutungar i barnehagen, utan bil til føremålet. Ho hadde berre tida og vegen for å nå morgonmøte i redaksjonen. Eg hugsar hattefoket og nyt å vere bestemor. Det er rein bonus!