16. januar 2020

Martin i Norge Rundt

Om nokre veker blir det kliangande dialekt frå Midt-Telemark på NRK1. Då tek Martin Torstveit over som programleiar for Norge Rundt.

– Eg kom til Bergen denne veka og er i full sving. No gjer eg research i to veker, før eg tek over programmet i veke fem, seier Martin Torstveit.

Han var nynorskpraktikant i NRK våren 2016, og no tek han over som programleiar i Norge Rundt etter Karoline Stangenes. Det betyr at TV-sjåarar over heile landet snart får høyre Bø-dialekt i beste sendetid.

– Eg gler meg stort og trur dette blir moro. Redaksjonen har allereie oppfordra meg sterkt til å dyrke dialekta når eg har sending. Så det blir sterk dialekt frå Midt-Telemark i denne perioden av Norge Rundt, seier Torstveit.

Han skal vere ferdig med programleiarjobben tidleg i mai. Då går han tilbake til stillinga som journalist og fotograf i NRK Telemark.