12. april 2019

Snart ferdige i Førde

Kull 30 er snart ferdige med opplæring og praksis i Førde. Vi takkar dei av 30. april og 2. mai er dei på plass i praksisredaksjonane. Dei er i innspurten her samstundes som vi byrjar konferansane med kandidatar til kull 31, som vi håpar å tilsette til 6. mai.

Ragnhild Voreland skal til NRK Finnmark og har fått sommarjobb der etter avslutta praksis 30. juni. Idunn Lavik skal ha ekstern praksis i innanriksredasjonen i NRK Nyhende på Marienlyst. Ola Weel Sram har praksis og sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Tonje Noreng Trøen har praksis i NRK Supernytt og sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Magnus Urup Helle skal ha praksis og sommarjobb i NRK Sporten.

– Det er nok ein flokk med flinke folk som vi er stolte over å sende frå oss, og som vi håpar får seg arbeid som journalistar, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.