18. oktober 2013

Snart internpraksis

Hei godtfolk!
No nærmar den trygge tida på loftet seg slutten. Denne veka har vi trent på direkteradio, hatt turbokurs (levere raskt) og jobba med samanhengen mellom lokal- og rikssaker. I midten av neste veke skal vi ned på desken. Då står internpraksis for tur!

Tida på loftet har vore fantastisk. Utruleg lærerik og moro. Samstundes har det vore hardt arbeid, men det visste vi når vi gjekk inn i dette. Dei som no har søkt på praktikantstillingane som byrjar i januar, har svært mykje å sjå fram til om dei får jobben. Eg angrar ikkje eit millisekund på dette – grip mogelegheita. Til dei som ikkje søkte: søk neste gong.

Før internpraksisen som startar onsdag, skal vi ha mojo-kurs på måndag og tysdag. Moving journalism, eller rørslejournalistikk. Jippi!

Snakkast,

Eirik.