13. oktober 2010

Søk kull 14

Dei som ynskjer seg plass på det fjortande kullet med nynorskpraktikantar må søkje no. Fristen er fredag 15.oktober. Denne gongen må alle søkje via Web Cruiter, slik at registreringa av søknader vert i samsvar med krava i offentlegglova og det går raskt å få oversikt. Alle søkjarar skal få søkjarlista til veka, og målet er å tilsette seinast i midten av november. […]

Dei som ynskjer seg plass på det fjortande kullet med nynorskpraktikantar må søkje no. Fristen er fredag 15.oktober.

Denne gongen må alle søkje via Web Cruiter, slik at registreringa av søknader vert i samsvar med krava i offentlegglova og det går raskt å få oversikt. Alle søkjarar skal få søkjarlista til veka, og målet er å tilsette seinast i midten av november.

Berre 8 % nynorsk

Dei som ser i glaskula fryktar for at det vert mangel på nynorskbrukande journalistar i framtida, på grunn av at medieutdanningane sender frå seg få slike. I eit føredrag på Dei nynorske festspela i sommar synte kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas til tal frå høgskulane i Bodø, Volda, Stavanger, Kristiansand og Oslo. Frå 2007 – 2009 sende dei totalt frå seg 621 journalistar, og berre 51 prosent av dei brukte nynorsk. Det betyr berre 8 % nynorskbrukarar frå medieutdanningane her i landet.

Halvparten av dei 51 nynorskbrukarane vart uteksaminerte frå høgskulen i Volda, men sjølv der utgjorde ikkje nynorskbrukarane meir enn 14 %.

NRK største lærestaden

Direktøren i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, hadde fokus på media då han nyleg heldt årstalen sin  «Med språket som innsats». Han synte til tala kringkastingssjefen brukte og la til: – På dei same tre åra sende NRK Nynorsk mediesenter i Førde frå seg 30 nynorskpraktikantar. NRK er altså ikkje berre den største nynorskbrukaren i medieverda. Dei er også den største lærestaden for nynorskbrukande journalistar.

I tidsrommet 2005-2010 har vi sendt frå oss 60 nynorskpraktikantar, og 75 % av dei arbeider i media. Tyngda er i NRK. Nitten er fast tilsette, femten av dei arbeider i NRK.

Du kan vere heldig og få plass på eit unikt tilbod, for å lære journalistikk for radio, fjernsyn og internett, og nynorsk eterspråk, med å søkje på kull 14. Fristen er fredag.