Magni Øvrebotten (Foto: Monica Lindanger/Nynorsk pressekontor)
2. oktober 2014

Søknadsfrist 15. oktober

15. oktober er fristen for å søkje om plass på kull 22 med nynorskpraktikantar. Opplæringa startar 5. januar og dei er ferdige 30. juni 2015. Fyrste bod for å kome inn er å søkje.

Her er utlysinga.

– Vi hadde over femti søkjarar til kull 21 og håpar på gode søkjartal no også, sjølv om det brukar å vere færre søkjarar til kullet som startar etter nyttår, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Søkjartala har variert frå 62 på det meste til 25 på det minste dei ti åra Nynorsk mediesenter har drive på.

Attestar og vitnemål

Ho understrekar at det kan nytte å søkje fleire gonger. – Vi høyrer rykte om at det er så vanskeleg å kome inn at folk ikkje søkjer av den grunn. Fyrste bod for å kome inn er å søkje, seier Øvrebotten. Ho ber dei som søkjer om å legge ved attestar og vitnemål i søknaden med det same. – Det er på grunnlag av søknaden, vitnemål og attestar vi kallar inn til intervju og studiotest. Ingen vert tilsette utan at vi har møtt og testa dei. Når vi les søknadane leitar vi alltid etter engasjement, vilje og talent til å bli dyktige nynorskbrukande journalistar, seier Øvrebotten.

67 prosent arbeider i media

Per dags dato har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 100 nynorskpraktikantar og 67 prosent av dei arbeider i media, tyngda i NRK. Det er ingen garanti om arbeid i NRK etter avslutta opplæring. Men nynorskpraktikantane vert rekna som interne søkjarar i tre år etterpå, og «NRK skal anvende prinsippet om moderat kvotering der søkjarar frå NRK FleRE og Nynorsk mediesenter er tilnærma likt kvalifiserte med andre aktuelle kandidatar«. Det er fordi dette er  aktive rekrutteringstiltak som NRK driv, for å få fleire fleirkulturelle og nynorskbrukande journalistar. Sjå meir om det her

Under stikkordet «Praktikantkurset» i toppen av sida finn du meir utfyllande opplysningar om opplæringa og det praktiske kring den. Er det noko du lurer på er det berre å ringe dei kontaktpersonane som står oppførde i utlysinga.

Rask tilsetting

Kull 22 vert tilsett i månadskifte oktober/november og startar i Førde måndag 5. januar 2015. Dei fem heldige får opplæring og praksis her til 1. mai, då dei er klare for to månader i eksterne redaksjonar, som regel i NRK. Men om nokon ynskjer seg praksis i andre medieverksemder prøver vi å få det til.