18. september 2014

Søk kull 22

15. oktober er søknadsfristen om du ynskjer å bli nynorskpraktikant frå 5. januar 2015. Vi tilset dei fem heldige i byrjinga av november og praktikantperioden varer til 30. juni neste år.

Her er utlysinga.

– Vi hadde over femti søkjarar til noverande kull og håpar på mange no også. Det er kanskje færre som har høve til å hive seg på noko nytt frå nyttår, enn det er etter sommaren, men det varierer frå år til år, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Ho understrekar at det kan nytte å søkje fleire gonger og at det er viktig å legge ved attestar og vitnemål i søknaden, med det same. – Det er på grunnlag av søknaden, vitnemål og attestar vi kallar inn til intervju og studiotest. I søknadane leitar vi alltid etter engasjement, vilje og talent til å bli dyktige nynorskbrukande journalistar, seier Øvrebotten.

Per dags dato har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 100 nynorskpraktikantar og 67 prosent av dei arbeider i media, tyngda i NRK. Det er ingen garanti om arbeid i NRK etter avslutta opplæring, men nynorskpraktikantane vert rekna som interne søkjarar i tre år etterpå, og «NRK skal anvende prinsippet om moderat kvotering der søkjarar frå NRK FleRE og Nynorsk mediesenter er tilnærma likt kvalifiserte med andre aktuelle kandidatar«. Det er fordi dette er  aktive rekrutteringstiltak som NRK driv, for å få fleire fleirkulturelle og nynorskbrukande journalistar. Sjå meir om det her

Under stikkordet «Praktikantkurset» i toppen av sida finn du meir utfyllande opplysningar om opplæringa og det praktiske kring den. Er det noko du lurer på er det berre å ringe dei kontaktpersonane som står oppførde i utlysinga.