13. april 2012

Søk Nynorsk mediesenter!

Trykk HER for å kome til stillingsannonsa. Det å få kome til NRK og Nynorsk mediesenter har vore ein draum eg har hatt i mange år. På dei to månadene eg har vore her har eg lært meir enn eg nokon gong trudde eg kunne få til på så kort tid. Eg har fått prøve meg […]

Trykk HER for å kome til stillingsannonsa.

Det å få kome til NRK og Nynorsk mediesenter har vore ein draum eg har hatt i mange år. På dei to månadene eg har vore her har eg lært meir enn eg nokon gong trudde eg kunne få til på så kort tid. Eg har fått prøve meg som nettjournalist, TV-reporter og som radioreporter, både på direkten og i opptak.

Eg har hatt enormt utbytte av «lære det med å gjere det»- metoden som dei brukar her, ein utruleg fruktbar måte å få ting skikkelig inn i fingrane på. Allereie andre dagen i internpraksis vart eg kasta ut på HF-rapportering, og fire dagar etter er eg på direkten frå Junior-NM i skiskyting heile føremiddagssendinga. Ei kjempefin erfaring!

Vi har fått god opplæring av dei tilsette ved Nynorsk Mediesenter, og arbeidsmiljøet nede på desken er utruleg godt, der dei drivne journalistane tek i mot praktikantane med opne armar.