9. oktober 2013

Søk, søk!

Det er fantastisk å vere nynorskpraktikant! Vi lærer utruleg mykje: radio, fjernsyn, nett, språk, tale, etikk. Snart skal vi vidare til internpraksis her i NRK Sogn og Fjordane, og vi har hatt det svært moro på vegen dit. Eg tilrår alle å søkje! Neste frist er 15 oktober.

Dette er bloggen min. No må eg blogge av di Randi må ordne noko før vi skal til Oslo for å vitje NRK på Marienlyst. Marienlyst ligg nære Blindern. Der studerte eg tidlegare. No studerer eg ikkje lenger. No er eg nynorskpraktikant i NRK. I går hadde vi språkkurs! Vi held til i Førde, hjå NRK Sogn og Fjordane. Førde er slett ikkje avbakleg. Det er ikkje det drustelegaste distriktskontoret i NRK, men folk er ovleg dugelege, vituge og romhendte. Det er veldig, veldig gildt å vere nynorskpraktikant.  Eg lyt like fullt medgjeve at det er eit mødesamt arbeid å blogge; eg er ikkje tame i blogging.

Tek atterhald om og ber om orsaking for dårleg bruk av ord eg ikkje kan, men vonar det bidreg til å gje gaum på alle mogelegheitene språket gjev.

Eirik.