5. mars 2018

No kan du søkje – fristen er 15. april

NRK Nynorsk mediesenter lyser ut kull 29 med nynorskpraktikantar, med søknadsfrist søndag 15. april. Vi leitar etter nynorskbrukande ungdomar som vil bli journalistar. Dei mest aktuelle søkjarane vert kalla inn til intervju, språk- og studiotest. Faglærar Randi Indrebø og leiar Magni Øvrebotten tilset dette kullet og reknar med å ha det gjort i god tid før 17. mai.

Lysinga finn du her

Når vi skal vurdere kven vi tek inn til konferanse er det viktig med ein søknad som fortel noko om deg, bakgrunnen din, forholdet ditt til nynorsk og lysta til å bli journalist. Legg ved attestar og vitnemål i søknaden, så slepp vi å mase om det etter at søknadsfristen er ute.

Det er fem plassar på kvart kull med nynorskpraktikantar. Søkjarmengda varierer mykje, ho svingar med opp og nedturane i media og tilgangen på arbeid. Det meste vi har hatt er 62 og det minste 21 søkjarar.

– Det treng ikkje bli eit “dårleg” kull med få søkjarar, men det er alltid godt å ha mange å velje i, vedgår Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

 

Start 20. august
Kull 29 skal byrje på opplæringa i Førde måndag 20. august. Dei blir i Førde til jul og etter nyttår vert det to månader med ekstern praksis i andre redaksjonar, i eller utanfor NRK. 1. mars 2019 er dei ferdige som nynorskpraktikantar. Dei har inga bindingstid til NRK, men skal ha prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for i tre år etter avslutta opplæring. Nynorskpraktikantane får kr. 16.400 i brutto månadsløn det halvåret dei er praktikantar. Sjå meir om opplæring her

58 prosent arbeider i media
Per 1. mars 2018 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 135 nynorskpraktikantar, og 58 prosent av dei arbeider i media. 43 prosent er i NRK. Totalt har 58 av dei 135 fast arbeid i media, 47 av dei arbeider i NRK. Dei fordeler seg nokså jamt på distrikts- og riksnettet.

I 2017 fekk ni tidlegare nynorskpraktikantar fast arbeid i media. Fem i NRK, ein på riksnettet, fire på distriktskontora. To fekk arbeid i aviser og to i nettaviser. Sjå meir om kvar tidlegare nynorskpraktikantar arbeider

Samarbeid med Nynorsk avissenter
NRK driv NRK Nynorsk mediesenter som eit strategisk rekrutteringstiltak for å få fleire nynorskbrukande journalistar på nett, i radio, fjernsyn og sosiale medium. Vi har eit systertiltak i Nynorsk avissenter, i Avishuset Firda, som driv ei tilsvarande opplæring av journalistar for avis, nett og sosiale medium. Dei lyser no ut kull 11 med same søknadsfrist, og vi samarbeider om søkjarar som søkjer begge stader. Til dømes med å kalle inn til konferanse i Førde same dag.

Har du spørsmål du ikkje får svar på her kan du ringe leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, mobil 970 55201.