12. oktober 2015

Søknadsfrist 18. oktober

Søndag 18. oktober er siste frist for å søkje om å bli nynorskpraktikant på kull 24. Kollegaen vår Nynorsk avissenter i Firda. – Eg er på reise til helga og får ikkje gjort noko med utvidar også søknadsfristen tre med dagar. Kven som får plass på kull 24 vert klart i byrjinga av november. No som før er det fem plassar å kjempe om. Dei som kjem inn skal byrje på opplæringa i Førde 4. januar og vert her til 30.april. Då er det klart for to månader i ekstern praksis, i eller utanfor NRK. Kull 24 er ferdig med halvåret sitt 30. juni 2016.

NRK_Header_504x116_tekst Magni (2)

Legg ved attestar og vitnemål
Det var 58 søkjarar til kull 23, men søkjartalet varierer ein god del og fyrste vilkåret for å kunne kome inn er å søkje. Vi ynskjer søknader som seier oss noko om både søkjaren og kvifor han/ho ynskjer å bli nynorskpraktikant.

– Eg ber også om at søkjarane legg attestar og vitnemål ved søknaden. Det er viktige papir å ha i hende når vi skal bestemme oss for kven vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest. Mykje ekstra arbeid å hente inn det etterpå, noko som senkar tilsettingsprosessen, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Det er ho og faglærar Terje Gilleshammer som skal tilsette kull 24 (bilete).

Opnar for mange typar arbeid
Per dags dato har 110 nynorskpraktikantar gått NRK Nynorsk mediesenter. 62 % av dei arbeider i media, 52 % i NRK. I NRK fordeler dei seg nokså jamt mellom distriktskontora og riksnettet.

I NRK er det tidlegare nynorskpraktikantar i mellom anna Dagsnytt, Dagsrevyen, Sporten, Utanriks, NRK.no, NRK Supernytt, Ekko, Spillerom og Kulturnytt i NRK P2, Nitimen, Kveldsopent og Nattradioen i NRK P1 og i redaksjonen for P3Morgen. Vidare ved distriktskontora i Troms, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Sørlandet og Østlandssendinga.

Utanfor NRK er det tidlegare nynorskpraktikantar som nyhendeanker i TV2, frontredigerar i Dagens Næringsliv, journalistar i Møre-Nytt, Bergens Tidende, Telemarksavisa og Drammens Tidende, og i produksjonsselskapet Monster.

Leitar etter engasjerte folk
– Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, som er nynorskbrukarar og vil legge arbeid i å bli dyktige journalistar, seier Magni Øvrebotten. For NRK Nynorsk mediesenter er det viktig å rekruttere folk med ulike utdanningar og bakgrunnar, og få med nynorskbrukarar frå heile landet.

I spalta Jobben min fortel tidlegare nynorskpraktikantar om arbeidet sitt. Der kan du få eit lite inntrykk av kva NRK Nynorsk mediesenter kan føre til.