23. august 2018

Sølve Rydland redakssjonssjef

Sølve Rydland (1984) er tilsett som redaksjonssjef i NRK Hordaland frå 1. september og eit år framover. Han skal kombinere jobben med å vere politisk kommentator.

Sølve Rydland gjekk på det tredje kullet med nynorskpraktikantar, 2005/06. Han hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt, var tilkallingsvikar i NRK Hordaland medan han studerte samanliknande politikk og fekk fast jobb i 2010. Rydland har hatt allsidige oppgåver som journalist, og er noko så sjeldan som både sportsjournalist og politisk journalist i distriktsredaksjonen i NRK Hordaland.

Rydland fekk Alf Helleviks mediemålpris i 2017, for god og stødig nynorsk.