10. november 2014

Programleiar for «Hjernekamp»

Solveig Hareide er programleiar for det nye programmet «Hjernekamp», som har premiere torsdag 13, november kl. 19.45. Det er seks program i serien.

I «Hjernekamp» skal dei jakte på dei gløggaste av dei gløgge. Det er plukka ut seks deltakarar som skal konkurrere 0m å ha den mest komplette hjernen. Dei skal testast i mellom anna logikk, hugs, motorikk og sosial dugleik.

Kampen er lagt til Stokkøya i Sør-Trøndelag. Den komplette hjernen må ha god hugs, tenkje logisk, halde styr på sansane sine og halde hovudet kaldt under press. Gode evner til samarbeid, kreativitet og teknisk teft vil også kome godt med.

Dette vert deltakarane testa i når dei må ut i øvingar som å finne fram i blinde, kjenne att andleta til 25 soldatar, løyse oppgåver med opp-ned-briller og finne ut av IQ-nøtter på ein planke fire meter ut frå bryggekanten.

Alle deltakarane er med til og med nest siste program, då går dei tre beste vidare til semifinale før den store finaleduellen til slutt.

Verdsmeister i hukommelse, Jonas von Essen, lærer oss å hugse betre, medan professor i psykologi, Richard Wismann, er med for å fortelje om hjernen.

Kull 2
Solveig Hareide (1983) var nynorskpraktikant på det andre kullet med nynorskpraktikantar, våren 2005. Ho hadde ekstern praksis i NRK P3 i Trondheim, og har arbeidd med Tyholt som base etterpå. Fekk tidleg fast tilsetting og har vore programleiar i mellom anna Newton, Solveig og Kosinus, Klassequissen og no Hjernekamp.

Kjelde: NRK sin programomtale av Hjernekamp.