29. september 2010

Som dagane går

Vi lagar trailer. Eit nytt kull skal inn på Nynorsk mediesenter når kull 13 (det er oss) går ut i praksis etter jul. Derfor skal vi prøve å rekruttere, mellom anna ved å lage radiotrailer som skal gå på P3 og slikt. For deg som ikkje høyrer på radio, kjem oppfordringa også her: Skriv du […]

Vi lagar trailer. Eit nytt kull skal inn på Nynorsk mediesenter når kull 13 (det er oss) går ut i praksis etter jul. Derfor skal vi prøve å rekruttere, mellom anna ved å lage radiotrailer som skal gå på P3 og slikt. For deg som ikkje høyrer på radio, kjem oppfordringa også her: Skriv du nynorsk og pratar dialekt, samstundes som du ynskjer å lære journalistikk og har lyst til å arbeide i NRK? Da bør du vurdere å fylle ut søknadsskjemaet.

Dei tre siste dagane har vi lært om nettjournalistikk. Det er hakket meir innfløkt og krevjande enn ein tenkjer over når ein dagleg surfar rundt. Etter å ha fått opplæring i programvara måndag, har vi i går og i dag hatt Andreas Grimsæth som førelesar og lærar. Han er ung, har hippe briller og ser ut til å kunne mykje om nett. Det synte seg å stemme godt; vi har lært om faktaboksar, viktigskapen av at internett ikkje må ende i ein artikkel (ein må lenkje vidare), nettet som plattform for ein ny type journalistikk med meir. Lærerike og morosame dagar.

Før helga var Kari Sørbø hjå oss. Ho gav opplæring i intervjuteknikk, og vi høyrde på så engasjerd at både kaffi og frukt skvatt rundt på bordet.

I morgon ventar førelesing om dialektar og nynorsk i NRK, og på fredag byrjar vi å lære korleis ein lagar fjernsyn. I helga ventar ein pust i bakken.

For øvrig har eg hatt ei radiosak på lufta sidan førre blogginnlegg. Er du interesserd i ståa kring kokkelærlingar i Sogn og Fjordane, vil eg tilrå denne.