16. september 2009

Sorgene på forskot

Eg er ein typisk sunnfjording. Vi er kjende for å ta sorgene på forskot. Det seiest at vi får få sorger i livet, dei fleste vi førebur oss på vert det ikkje noko av! No trur eg sjølvsagt at det ikkje kjem søkjarar, sjølv om elleve føregåande kull har synt at det gjer det. Visst […]

Eg er ein typisk sunnfjording. Vi er kjende for å ta sorgene på forskot. Det seiest at vi får få sorger i livet, dei fleste vi førebur oss på vert det ikkje noko av! No trur eg sjølvsagt at det ikkje kjem søkjarar, sjølv om elleve føregåande kull har synt at det gjer det. Visst veit eg at søknadane stort sett kjem i siste liten, og eg veit at journalistikken er full av folk som skreiv skulestilane sine siste kvelden (natta), men det hjelper ikkje. Denne gongen har heile fem av søkjarane til førre kull bedt om å få søknadane sine lagt over til det neste. Det hjelper litt, men ikkje mykje. Tenk om det vert med dei fem! Det er meir enn søkjartal å bekymre seg for: Korleis vert det med kjønnsfordelinga ? Er det berre vestlendingar att som brukar nynorsk, eller søkjer det ein og annan halling, trønder, gudbrandsdøl eller nordlending ? Av dei femti vi har lært opp til denne tid har det vore berre ti som ikkje er vestlendingar. Vi skulle gjerne hatt fleire. Kanskje kjem dei no ? Djupast sett handlar vel uroa mi om høge mål og frykta for å mislukkast ? Kombinert med det sunnfjordske lynne er den ekstra slitsam dei to månadane i året då vi lyser etter nye kull med nynorskpraktikantar. Det er månadane då inngåande e-post og posthylle er det fyrste – og det siste – eg sjekkar kvar dag.