18. desember 2017

Språkkonsulent i NTB Arkitekst

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen (1984) er fast tilsett som språkkonsulent i NTB Arkitekst i Oslo. Sjursen har master i språkleg kommunikasjon med fordjuping i nordisk frå NTNU, og var nynorskpraktikant våren 2014.

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen fekk fast jobb i NTB Arkitekst hausten 2017

33-åringen frå Fusa i Hordaland hadde praksis i Her og nå i NRK P1, og jobba i fleire redaksjonar i NRK på Tyholt i 2014 og 2015. Etter det har ho vore kommunikasjonskonsulent på NTNU og tekstforfattar i HvabeHager AS.

Draumejobben

– Eg hadde to draumearbeidsplassar i Oslo før eg flytta hit, og NTB Arkitekst var éin av dei. Det er ti år sidan sist dei tilsette nokon her, så trongare nålauge blir det vel knapt. Det er ein eksklusiv gjeng, og no har det endeleg byrja å gå opp for meg at eg har fått fast jobb her. Det er knakande kjekt, seier Liv Ragnhild Holdhus Sjursen.

I NTB Arkitekst jobbar ho med å vurdere og betre språk, kommunikasjon, tekstar og skrivarar. Ho held kurs og fordrag i skriving over heile landet, og mange av kundane er offentlege verksemder, som til dømes NRK Sogn og Fjordane. I tillegg driv ho med kartlegging, brukartesting, tekstutvikling, rådgiving og mange andre ting som sluttar på –ing. Firmaet har 15-årsjubileum våren 2018, men blei for eit par år sidan kjøpt opp av mediebedrifta og 150-åringen NTB, som dei no er eit dotterselskap av.

Etter 13 år i Trondheim bestemte ho seg for å flytte til Oslo våren 2016. Ho sendte ein open søknad til NTB Arkitekst, og fekk fyrst eit vikariat der på to veker. Etter det balla det berre på seg, og i 2017 har ho hatt ei prosjektstilling på 100 prosent. I oktober fekk ho tilbod om fast jobb frå 1. januar 2018.

Får bruke begge målformene

– Eg skriv både nynorsk og bokmål i jobben – det spørst kva kundane våre skriv og kva dei treng. No er eg til dømes prosjektleiar for eit stort arbeid me gjer for Fylkesmannen i Hordaland, og der får eg brukt mykje av det eg lærte på Nynorsk mediesenter: Eg planlegg videoopptak og grafikk, lagar klippemanus og intervjuguidar, intervjuar kommunetilsette på telefon og video, og skriv artiklar på nynorsk. Og sist, men ikkje minst: Eg taklar eit høgt arbeidspress med korte fristar og uhorveleg mange ballar i lufta på éin gong, fortel Sjursen.