26. september 2018

Språkkonsulent Det Norske Teatret

Inger Johanne Sæterbakk (37) er tilsett som ny språkkonsulent på Det Norske Teatret og byrja i jobben denne veka. – Eg kjenner meg heldig som får jobbe med verdas beste språk på Noregs viktigaste teater, seier Inger Johanne Sæterbakk.

Som språkkonsulent har ho det overordna ansvaret for alt språkarbeidet på teatret, både det nynorske scenespråket og språkføringa til skodespelarane, og det nynorske skriftspråket i teatret sin kommunikasjon og tekstproduksjon.

– For meg som er opptatt av nynorsk, av språkpolitikk og teater er dette ei fantastisk moglegheit. Eg får jobbe både praktisk og strategisk med språk ved landets største nynorskinstitusjon, kvar einaste dag. Eg er også glad for den bakgrunnen eg har frå NRK og Nynorsk mediesenter, og eigne erfaringar med å normere til nynorsk på lufta, seier ho.

Sæterbakk kjem frå jobb som seniorrådgjevar i kommunikasjonsavdelinga i Norges Bondelag, der ho var nettredaktør. Ho tar over jobben på Det Norske Teatret etter Ola E. Bø som har vore språkkonsulent der sidan 1991.

Inger Johanne Sæterbakk er ein av få nordlendingar som har gått Nynorsk mediesenter, fødd i Bodø og oppvaksen i Trøndelag. Ho gjekk på det fyrste kullet i 2004/05 og arbeidde fleire år i NRK etterpå, i Trondheim, NRK Finnmark og NRK Troms. Ho har òg arbeidd med informasjon for Hålogaland teater og Tromsø kommune, og ho var leiar for Språkåret 2013. Sæterbakk har vore aktiv i målrørsla i mange år og sit i styret for Noregs Mållag.