12. februar 2016

Stas med praksis i NRK Telemark

– Tenk at eg har berre to veker att i NRK Telemark! Frå fyrste stund følte eg meg både heime og særs velkomen her på Borgeåsen i Porsgrunn. Blide, kloke og entusiastiske kollegaer gav meg full tillit frå dag éin, og det resulterte i ein sjølvtillit eg trong for å levere gode saker, seier Line Omland Eilevstjønn, som har ekstern praksis ved distriktskontoret I Telemark ut februar.

Her er nokre døme på nettsaker ho har laga sidan ho byrja i NRK Telemark 4. januar. Fleire av dei kom på framsida til NRK.no:

– Eg har mellom mykje anna prata med bosniske Milada på kav vinjemål, lurt NAV-direktørar til å stille opp på SoMe-videoar, og lært meir om industrihistoria til heimkommunen min. Kvar dag har budd på nye utfordringar, og alle har vore forskjellige. Denne tida kjem eg til å hugse med eit smil om munnen, seier Line Omland Eilevstjønn.

Midt i opplæringa som nynorskpraktikant fekk ho tilbod om eit års prosjektjobb som SoMe-ansvarleg i lokalavisa Vest-Telemark Blad i Kviteseid. Prosjektet heiter «Hæ? VTB på Snapchat?- Nynorsk på nye plattformer». Oppgåva er å få lokalavisa ut til ungdommen. Ho byrjar i jobben så snart ho er ferdig som nynorskpraktikant. I NRK Telemark fekk ho tilbod om vikariat, men valde å stå ved lovnaden om å leie SoMe-prosjektet i Vest-Telemark Blad i eit år.

Line Omland Eilevstjønn (1993) er frå Vinje i Telemark. Då ho i august 2015 byrja på kull 23 med nynorskpraktikantar var ho nett ferdig med åtte månaders studium i journalistikk og featureskriving ved Southampton Solent University i London. Det var i forlenging av det toårige journalistutdanninga ved Norges Kreative Høyskole i Oslo. I studietida var ho sommarvikar i Vest-Telemark Blad og Kvinner og Klær. Ho hadde også praksis og var frilansar i Kvinner og Klær.