1. november 2012

Stas

Eg har ein flott jobb. To gonger i året får eg ringe fem forventningsfulle søkjarar og fortelje at dei har kome inn på neste kull med nynorskpraktikantar. Det har lært meg at det er mange måtar å uttrykkje glede på, frå ville hyl til at det vert heilt stilt i den andre enden. Nokon har sjølvkjensle nok til […]

Eg har ein flott jobb. To gonger i året får eg ringe fem forventningsfulle søkjarar og fortelje at dei har kome inn på neste kull med nynorskpraktikantar. Det har lært meg at det er mange måtar å uttrykkje glede på, frå ville hyl til at det vert heilt stilt i den andre enden. Nokon har sjølvkjensle nok til å rekne med at dei kjem inn, andre har lite av det og vert svært overraska.

Same kor mange gonger eg gjer dette er det like rørande, alvorleg og kjekt. For mange er telefonen frå meg eit vegval i livet og det tek vi på stort alvor når vi vel ut folk. Vi må tru at dei har talent for yrket, at dei verkeleg vil dette og at dei er sterke nok til å tole den hestekuren på seks månader som vi byr på, og til å vere nynorskbrukande journalistar. For nokon står valet mellom journalistikken og diplomatiet, andre har berre eit brennade ynskje om å bli journalistar. Det er det einaste som tel, dei kan ikkje tenkje seg noko anna.

I kjølvatnet av ei tilsetting er det også telefonar frå nokon av dei som ikkje kom inn. Dei er skuffa, særleg dei som har vore inne til konferanse. Vi grunngjev aldri kvifor nokon kjem inn, andre ikkje. Det er ei totalvurdering, samansetting av ei gruppe på fem som skal dra godt i lag og lære av kvarandre, og kva inntrykk vi fekk på konferansen.

Einaste trøysta eg har å gje er at her kan det nytte å søkje fleire gonger. Det er mange som har gjort det, og til dømes kome inn på tredje forsøk. Neste høve er kull 19, med søknadsfrist 15. april 2013.