https://nynorskmediesenter.no/Statsråden kjem ikkje
8. april 2013

Statsråden kjem ikkje

Kulturminister Hadia Tajik har meldt sjukdomsforfall til besøket i Sogn og Fjordane fredag 12.april. I staden kjem statssekretær Kjersti Stenseng og politisk rådgjevar Håvard Fossbakken på besøk til NRK Nynorsk mediesenter i tre kvarter.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som ynskjer å syne oss fram som eitt av nynorsktiltaka i Sogn og Fjordane. Kulturministeren skal på rundreise til alle fylka i landet for å få innspel til det neste kulturløftet, og har meldt at ho kjem ein gong seinare. Men i fyrste omgang gjennomfører statsekretær Kjersti Stenseng og poltisk rådgjevar Håvard Fossbakken det planlagde besøket fredag.

l Sogn og Fjordane er det stort fokus på nynorsk. Når folka frå Kulturdepartementet kjem til NRK-huset er det naturleg å snakke om kor viktig NRK Sogn og Fjordane er for nynorsken, både i NRK og i Sogn og Fjordane, og kva rolle NRK Nynorsk mediesenter har i opplæringa av nynorskbrukande journalistar. Prosjektleiar Arve Sandal skal og kome hit for å fortelje om nysatsinga Nynorsk avissenter, som gjer at det frå hausten av er to opplæringssenter for fleire nynorskbrukande journalistar i media.