24. mars 2014

Status for oss per 20. mars 2014

Ein ny statusrapport for NRK Nynorsk mediesenter er klar, per 20. mars 2014. 70,5 % av dei 95 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss arbeider i media, kull 20 er under opplæring og kull 21 lyst ut.

– Vi lagar desse statusrapportane for å gje omverda eit innblikk i kva vi driv på med og korleis det går med dei vi lærer opp. Det har vore laga tre til fire rapportar i året sidan starten i 2004, seier Magni Øvrebotten. I denne rapporten skriv vi mellom anna om ein tidlegare nynorskpraktikanten som har vorte framsideredigerar i Dagenes Næringsliv, ein annan som vart kommunikasjonsrådgjevar i Barne-og likestillingsdepartementet og ein tredje som nett har debutert med eiga diktsamling.