27. november 2015

Sterk historie på Norge Rundt

I kveld får Norge Rundt sine sjåarar oppleve den sterke historia om kreftsjuke Katrina sin kjærleik til fotball og gleda over å møte landslagspelar Maria Thorisdottir.
Saka er laga av nynorskpraktikant Ine Eftestøl som gjekk på NRK Nynorskmediesenter i fjor haust.

-Dette er fort den kjekkaste saka eg har fått gleda av å lage – søte, tøffe og sterke Katrina seier Eftestøl som har filma og redigert historia sjølv. Dette er hennar femte reportasje på Norge Rundt i år.

 

Populær video på facebook

Saka var eigentleg laga for NRK Supernytt, tidlegare i veka vart det lagt ut ein snutt på facebook, og det er allereie ein av dei mest sette videoane på facebook for NRK Rogaland dette året. Per fredag var det 140.000 som hadde sett videoen, og den har 1750 likes.

Kåra til vekas reportasje

Norge Rundt redaksjonen kårar kvar veke vekas beste reportasje, og denne fekk heiderstittelen denne veka. Redaksjonsleiar Lise May Spissøy seier historia er nydeleg fortalt

-Å laga reportasje om ei kreftsjuk jente som lengtar etter å spela fotball, krev stødig balanse. Og eg syns eg først og fremst blei kjent med ei sterk jente seier Spissøy.