10. mai 2016

Stine har fått jobb i barne-tv

Stine Kyrkjebø Johansen har fått jobb i eit årsvikariat i barne-tv redaksjonen i Førde.
– Ho har synt seg som ein dyktig historieforteljar både i lengre og kortare format, og med si gode evne til å kommunisere med born, er eg sikker på at Kyrkjebø Johansen kjem til å gjere ein god jobb i barne-tv, seier redaksjonssjef Linda Olin Reite.

Stine Kyrkjebø Johansen gjekk på kull 17, 2012, og fekk fast jobb i NRK Sogn og Fjordane i 2013. Ho arbeider som journalist for radio, fjernsyn og nett, og som videojournalist. Sidan hausten 2015 har ho vore stasjonert ved lokalkontoret i Sogn.

Barne-tv redaksjonen produserer den populære dokumentarserien Klart eg kan. Det er ein serie om born som skal meistre ting og tore å gjere noko dei aldri har gjort før.

Stine Kyrkjebø Johansen byrjar i ny jobb etter sommarferien og kjem til å ha arbeidsstad i Førde.