27. juni 2014

Stolt prisvinnar

– Nynorsk er vakkert. Vi som snakkar nynorsk i radio og tv blir ofte lagt litt ekstra merke til. Folk likar orda og tonen i språket vårt. Eg får ikkje kjeft for nynorsken min. Tvert i mot får eg ofte høyre at språket er flott seier Solheim.

Nynorskpris til Ingunn Solheim

NRK-journalist Ingunn Solheim fekk i dag Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2014.

-Nynorsken gjer jobben min lettare fordi der finn eg dei enkle, gode orda sa ein stolt prisvinnar under utdelinga på dei Nynorske festspela i Ørsta i dag.

– Eg må finne eit alternativ til ordet konsekvensutredning. Konsekvensutgreiing er ikkje så mykje betre, så eg seier heller ”finne konsekvensane av oljeboring i nord”. Eg leitar etter orda som alle forstår seier Solheim.

-Gjer språket forståeleg for folk flest

Kulturdepartementet peika ut ny jury i fjor. Der er Håkon Haugsbø leiar. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, og han har med seg Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten i Florø.

Juryen meiner Ingunn Solheim er svært stø i språket sitt, og at ho kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt. Trass i at ho ofte intervjuar politikarar på direkten, er det sjeldan at bokmålsorda og byråkratspråket snik seg inn.

Jurymedlem Agnes Ravatn  trekk særleg fram direktesendingane under 22.juli-rettsaka der Solheim nytta kunnskapane sin som både jurist og journalist til å gjere jusspråket forståeleg for folk flest.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medier, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

-Nynorsk er vakkert. Vi som snakkar nynorsk i radio og tv blir ofte lagt litt ekstra merke til. Folk likar orda og tonen i språket vårt. Eg får ikkje kjeft for nynorsken min. Tvert i mot får eg ofte høyre at språket er flott seier Solheim.

Bakgrunnen til Ingunn Solheim

Fødd 1980, Førde i Sogn og Fjordane. Politisk journalist i NRK Nyheiter sidan 2011, og vert frå hausten programleiar for Debatten i NRK1. Ho har vore programleiar i valsendingane til NRK ved dei to siste vala, og ho var programleiar under direktesendingane frå 22. juli-rettssaka i 2012.

Ingunn Solheim byrja i NRK som nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane 19 år gamal. Etterpå tok ho ein bachelor i statsvitskap ved NTNU i Trondheim, og arbeidde jamsides studia i P3-nyhenda og Her og No på Tyholt. Ho var med i Kanal24 frå starten av, som journalist og programleiar, og då TV2 starta Nyhetskanalen tilsette dei henne som nyhendeanker. Ho slutta der for å studere juss og arbeidde i NRK mot slutten av studietida. Solheim var ferdig utdanna jurist i 2011 og fekk fast jobb i NRK same året

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Linda Eide, NRK, var den fyrste prisvinnaren. Vidare har desse fått han: Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen, Odd Reidar Solem, TV2, Ronny Brede Aase, NRK P3, Astrid Brekken, NRK P2, og Njord V. Svendsen, Bergens Tidende. I 2012 delte Katrine Sele, Firda, og Hilde Sandvik, Bergens Tidende, prisen, og i fjor var det Christian Wiik Gjerde, i NRK Super, som fekk denne nynorskprisen.

Takketale:

Eg står her i dag og får ein pris for noko eg aldri har jobba særleg hardt for å få til. For nynorsk er ein del av meg. Nynorsken er ikkje eit alternativ til noko anna. Nynorsk er ikkje noko eg har valt. Nynorsk er ikkje noko eg har veldig bevisste tankar om. Nynorsk er heller ikkje noko eg er spesielt stolt over at eg kan. For eg har jo alltid snakka og skrive nynorsk.

Men eg er veldig glad i nynorsken.

Den gjer jobben min lettare fordi der finn eg dei enkle, gode orda. Eg må finne eit alternativ til ordet konsekvensutredning. Konsekvensutgreiing er ikkje så mykje betre, så eg seier heller ”finne konsekvensane av oljeboring i nord”. Eg leitar etter orda som alle forstår.

Jakta på alternative ord er også ein veg til kunnskap. Nokon har sagt at ”Du kan ikkje noko hvis du ikkje kan seie det på minst to måtar”.

Nynorsk er vakkert. Vi som snakkar nynorsk i radio og tv blir ofte lagt litt ekstra merke til. Folk likar orda og tonen i språket vårt. Eg får ikkje kjeft for nynorsken min. Tvert i mot får eg ofte høyre at språket er flott.

 Når eg spør ein politikar om det er stor usemje i partiet, er det ikkje sjeldan at han eller ho startar å svare; jeg vil ikke si at det er stor usemje… før politikaren tek seg i det og må starte svaret på nytt. Nynorsk kan vere smittsamt.

 Fordi nynorsken er så naturleg for meg, så er den også med på å gje meg sjølvtillit. Å vere stø i språket i møtet med makta, er ein fordel. Sjølvsagt er det det.

 Denne prisen hjelp på sjølvtilliten. Eg har fått ei god løypemelding om at eg ikkje er på ville vegar. Men eg skal navigere vidare og jobbe for å drive godt vedlikehald på vegen.

Eg skal lese Agnes Ravatn sine tekstar, høyre på Marta Norheim sine formuleringar og diskutere ordval med kollega Ingvild Bryn.

 Eg står ikkje her og tek i mot ein pris for nynorsken og er heilt historielaus. Det har vore kjempa og det blir framleis kjempa for å ta vare på dette vakre, klare og fargerike språket.

Også eg kjenner på eit ansvar. Eit ansvar for å snakke rett. Bruke nynorsken godt. Snakke slik at folk forstår. Og eg kjenner eit særleg ansvar overfor yngre nynorskbrukarar som ser og høyrer på meg og legg til grunn at det eg seier er rett.  Prisen er ein ekstra vekkjar for dette ansvaret. Eit ansvar eg tek med glede. Utan å ta lett på det. Til dei unge som er i ferd med å finne sin nynorsk, har eg nokre få råd. Hald fast på det du kjenner er mest naturleg å seie eller skrive. Ver varsam med å bli for vaksen i språket ditt med lange og vanskelege ord. Hald deg unna synonomordboka bokmål – nynorsk så lenge du klarar. Konsekvensutgreiing er som sagt ikkje eit veldig mykje betre ord enn konsekvensutredning. Moglegskap er ikkje betre enn mulighet. Eg ser mange nynorskbrukarar som kavar for å finne eit ord som liknar på bokmålsordet og som er såkalla ”lov” å seie på nynorsk. Det blir fort rotete, konstruert og tungt.

 Så kvifor vart nynorsk mitt einaste alternativ og noko eg finn heilt naturleg? Det er fleire grunnar, men det er særleg enkeltpersonar som er årsaka til det. Då eg var lita, var alle barnebøker på nynorsk. Bakkebygrenda, boka om samejenta Marit Inga – og til og med Trond Viggo Torgersen si bok ”Kroppen” var visst på nynorsk. Trudde eg. Tusen takk, pappa, for at du simultanoversette alle bokmålsbøkene du las for meg. Pappa har også vore språkvaskar, korrekturlesar og ivrig ordjeger heile vegen. Fleire netter, gjerne kl 03, tikka det inn korrekturleste kapittel under innspurten av masteroppgåva på jussen. Du har eit evig og døgnvilt engasjement for godt språk.

Takk, pappa.

 19 år gammal fekk eg jobb i NRK Sogn og Fjordane – som einsleg nynorskpraktikant. Då var eg i trygge, nynorske hender. Det var der eg lærte journalistspråket og forstod kor viktig det er å snakke rett – og kor mykje bråk det kan bli om du seier noko feil. Takk til alle i Førde som oppmuntra og rettleia.  Men den største takken går til Magni Øvrebotten. Gjennom åra har ho lagt sine venger rundt fleire av oss, juryleiar Håkon Haugsbø er ikkje noko unntak. Og du slepp visst aldri heilt taket. Du løftar oss fram der du kan, minnar oss på kor viktig nynorsken er, du har stabla på beina den viktigaste rekrutteringsbasen for gode nynorskbrukarar til NRK gjennom Nynorsk Mediesenter. Vi som trur vi har lært oss å flyge sjølv, veit så inderleg vel at du alltid vil ta i mot og oppmuntre oss, dersom vi hamnar i ein bølgedal. Det gjer oss trygge. Takk, Magni.

 Så gjenstår det å takke juryen for fine ord i grunngjevinga. At byråkratspråket ikkje har festa grepet i meg, er særleg gledeleg å høyre. Takk også for flott kunstverk og prispengar.