3. september 2019

«Storesystra» er 15 år

15-årsdagen til NRK Nynorsk mediesenter vart feira i går med grovskiver og kransekake i lunsjen og Valgerd Svarstad Haugland og Svein Ove Hansli med på direkten i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane, saman med Magni Øvrebotten, leiar for mediesenteret.

Noverande fylkesmann i Viken, Valgerd Svarstad Haugland, fortalde om då ho som kulturminister og generalforsamling for NRK i august 2002 stoppa styrevedtaket om å legge NRK Sogn og Fjordane administrativt under NRK Hordaland i Bergen. Det var ideen om Nynorsk mediesenter som var halmstrået, elles hadde ho ikkje kunna gjere det. Ho såg trongen for fleire nynorskbrukande journalistar i media og at ei praktisk opplæring, i eit sterkt nynorskmiljø med røynsle frå slikt arbeid, kunne vere vegen å gå. Svarstad Haugland sa at ho hadde følgt med på arbeidet til NRK Nynorsk mediesenter desse 15 åra, og at ho er både stolt og glad for at det har lukkast så godt.

Nyhenderedaktør i Nationen, Svein Ove Hansli, var ein av fem på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar. I hans liv er det ei tid før og ei etter Nynorsk mediesenter, som gjorde at han kom strake vegen inn i NRK. Han hugsar framleis jobbintervjuet og dei krevjande språk- og studiotestane godt, og korleis det var å vere på djupt vatn på direkten som fersk nynorskpraktikant. Hansli meiner at lyttarane i Sogn og Fjordane har synt stor tolsemd med at det stadig er nye og ferske folk på lufta. Svein Ove Hansli fekk jobb i NRK etter at han var ferdig som nynorskpraktikant. Fyrst som journalist, men lengste tida som vaktsjef i nyhenderedaksjonen og som redaksjonssjef i avdelinga for økonomi og politikk, før han vart nyhenderedaktør i Nationen i 2016. – Eg har hatt glede av mange dyktige folk frå NRK Nynorsk mediesenter, som leiar både i NRK og Nationen, sa Hansli i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane.

På lunsjen gjekk bilete av alle dei 31 kulla i sløyfe på storskjerm. I tillegg til husets folk var også nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter i Firda med, saman med leiaren Kjell Ove Nordeide. Avissenteret kom i drift hausten 2013 og Nordeide overrekt blomar til «storesystra vår», Magni Øvrebotten. Han takka for støtte og godt samarbeid. Distriktsredaktør Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane gav også blomar og framheva særleg kor vitaliserande det er å ha Nynorsk mediesenter i NRK Sogn og Fjordane. – Vi får ikkje høve til å stivne når vi stadig får inn nye praktikantar, unge folk med ny kunnskap og appetitt på å lære. Det er fantastisk å sjå kor raskt dei tileignar seg eit nytt fagfelt og er på lufta med saker, sa Gilleshammer.

Magni Øvrebotten gav forsamlinga eit kort tilbakeblikk om korleis Nynorsk mediesenter vart til og kor avhengige NRK Sogn og Fjordane og NRK Nynorsk mediesenter er av kvarandre. – Vi må ha ein aktiv og god nyhenderedaksjon her i Førde, med sendingar på alle plattformer, elles fell botn ut av mediesenteret. Nyhenderedaksjonen og sendingane er sjølve grunnvollen i opplæringa og praksisen i NRK Nynorsk mediesenter. For mange nynorskpraktikantar er det også ei «ein gong i livet»- oppleving å vere i eit område der nynorsk er det sjølvsagde språket, som vert brukt til alt. Fleire har sagt at dei dreg herifrå rakare i ryggen enn då dei kom, og vi treng rakrygga nynorskbrukarar i journalistikken, sa Øvrebotten.

Bilete i toppen av sida er av noverande og tidlegare nynorskpraktikantar og faglærarar, som var med på lunsjen 02.09.19 (fleire var ute på jobb).
Framme frå venstre: Erlend Blaalid Oldeide (kull 4), Elias Håvarstein (kull 31), Vilde Gjerde Lied (kull 31), leiar Magni Øvrebotten, Oda Elise Svelstad (kull 31), Tonje Noreng Trøen (kull 30). Bak frå venstre: Wilhelm Støylen (kull 16), Arild Finne Nybø, faglærar for fyrste kullet, Rune Fossum Lillesvangstu og Brit Jorunn Svanes, begge noverande faglærarar, Stine Kyrkjebø Johansen (kull 17), Raymond Lidal (kull 16) og Asgeir Heimdal Reksnes (kull 4).