1. oktober 2018

Stort språkmøte i Førde

Nynorskfylket Sogn og Fjordane skipar til språkkonferanse i Førde 1. november. På programmet står mellom andre kulturminister Trine Skei Grande, språkdirektør Åse Wetås og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen. Fristen for å melde seg på er 28. oktober.

Du kan melde deg på her

Treng vi norsk, eller er det greitt at engelsk fortrengjer norsk i akademia, arbeidsliv og underhaldningsmedia? Kva er stoda for bokmål og nynorsk i 2018? Kva er konsekvensen av at språket vårt taper terreng på viktige område? Kva tiltak må vi eventuelt sette inn om vi skal slå ring om det norske språket?

Dette er blant emna på språkkonferansen i Førde, som finn stad på Scandic Sunnfjor hotell 1. november. Bak konferansen står Nynorskfylket Sogn og Fjordane, eit forum for ulike organisasjonar og institusjonar som er opptekne av å fremje nynorsken.

– Sogn og Fjordane er eit sterkt nynorskfylke, og husar mange viktige språk- og kulturinstitusjonar. Vi vil vere med og ta ansvar for språket vårt, og difor ønskjer vi å sjå framover og diskutere løysingar og moglegheiter for norsk språk – og ikkje minst for nynorsken – på konferansen i Førde, seier Ingebjørg Erikstad, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur.

Her er nokre av dei som deltek og emna deira:
– Nynorskens skog, ODDVAR TORSHEIM
– Treng vi norsk? ÅSE WETÅS, direktør i Språkrådet
– Tek dialektane livet av nynorsken? ØYSTEIN VANGSNES, professor i nordisk språkvitskap
– Språkpolitikk for framtida, TRINE SKEI GRANDE, kulturminister
– Ungdomsspråket har status, KJERSTI WØIEN HÅLAND, manusforfattar for TV-serien «Lovleg»
– Frå hjemmebane til heimebane, THOR GJERMUND ERIKSEN, kringkastingssjef
– Nynorskbrukarane: Kven er dei, kva treng dei? PER MAGNUS FINNANGER SANDSMARK, direktør i Nynorsk kultursentrum
– Norsk som døropnar, EVA WEEL SKRAM, artist og songskrivar