7. desember 2015

Studentpris til Karoline Kalstveit

Karoline Kalstveit har vunne prisen for beste studentoppgåve ved Bergen arkitekthøgskule BAS, for eit prosjekt om overgangar. Ho har studert fysiske og psykologiske barrierar på tettstaden Unstad i Lofoten. På grunnlag av desse barrierane har ho utforma enkle tiltak som kan stimulere til ny bruk av landskapet og nye møte mellom menneske.

Prisen er på 20.000 kroner. Sjå meir om dette på nettsida til Statsbygg.

Karoline Kalstveit (1984) gjekk på det tredje kullet med nynorskpraktikantar i 2005/06 og hadde praksis i NRK Rogaland. Ho arbeidd ei tid i NRK Hordaland før ho byrja på arkitektstudiet. I løpet av studiet har ho også hatt sommarjobb i  TV2.