24. januar 2012

Styrkjer bokmålet

Dårleg start på dagen i dag. Før eg for vel hadde greve meg på føtene melde Dagsnytt at kunnskapsminister Kristin Halvorsen vurderer å tone ned satsinga på sidemålet, for å styrkje hovudmålet. I mine øyre betyr det i røynda å styrkje bokmålet. Sidemål=nynorsk for mange Utdanningsdirektoratet arbeider med ein ny læreplan i norsk, eit fag både elevar […]

Dårleg start på dagen i dag. Før eg for vel hadde greve meg på føtene melde Dagsnytt at kunnskapsminister Kristin Halvorsen vurderer å tone ned satsinga på sidemålet, for å styrkje hovudmålet. I mine øyre betyr det i røynda å styrkje bokmålet.

Sidemål=nynorsk for mange Utdanningsdirektoratet arbeider med ein ny læreplan i norsk, eit fag både elevar og lærarar meiner har vorte for omfattande og arbeidskrevjande. I lys av all ståheien det har vore kring sidemålsopplæringa i Oslo-skulen, og den generelle motviljen nynorsk ofte møter, er det sikkert nærliggande å tenkje at mindre satsing på sidemål vil vere eit populært tiltak. For ordet «sidemål» er for mange synonymt med nynorsk, ja, ikkje så reint få snakkar om «norsk» og «nynorsk» også.

Bokmålsklassane vil auke Det kan høyrast rett ut å satse meir på hovudmålet og mindre på sidemålet. Men i den språksituasjonen vi har vil det føre til auka krav om endå meir bokmål i skulen, sjølv i sokalla «nynorskområde». Sjå berre på områda kring Bergen, der bergensarane inntek Strilelandet, men ikkje vil at ungane skal snakke «strilemål» og skrive nynorsk. Bokmålsklassane veks og nynorsken vert sidemål for stadig fleire. Foreldre vil i aukande grad tru at det er best for ungane å velge bokmål som hovudmål i skulen. Det får dei inn over alt, dei slepp å bli stigmatiserte og gjort narr av, det er det «normale hovudmålet» og lærarane kan det språket dei underviser i. Dei gjer i alle høve ikkje narr av det, slik nynorskelevar kan oppleve i skulen i dag. Det skal ofte god rygg til for å vere nynorskbrukar, og dei færraste foreldre tykkjer det er så viktig at dei vil «bruke ungane» i kampen for språket. Nynorskbrukaren har ikkje noko val, han MÅ kunne skrive bokmål, elles vil mange arbeidsplassar vere stengde for han i framtida.

Kanskje ikkje så nøye? Vi som arbeider for meir nynorsk, til dømes i NRK og andre media, offentleg verksemd, skuleverket, osv,  vert stadig møtte med at bokmålsbrukarane ikkje kan skrive nynorsk. Det har vorte heilt sjølvsagt, ja, mange virkar stolte av at dei ikkje kan dette «hærsens sidemålet». Slik har det vorte, sjølv med eksamen i det. Korleis skal det bli utan ? Eller let seg seg gjere å tone ned sidemålsundervisinga meir enn ho alt er? Nynorskbrukarane kan ikkje tillate seg å ikkje kunne skrive bokmål, og  vil jamt over kjenne det som ei skam å ikkje ha nådd skulens mål der. Vinn forslaget, som utdanningsministeren luftar i dag, gjennom vil endå fleire  av dei tenkje at dei like godt kan skrive bokmål, og det vert endå vanskelegare å finne folk til skule, media og offentleg verksemd som kan nynorsk. Men for mange er det kanskje ikkje så nøye?

Jamstillinga mellom nynorsk og bokmål er ein grunnstein i norsk språkpolitikk, og den sitjande regjeringa har gått til val to gonger med lovnader om å styrkje nynorsken og arbeide for meir jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Det står att å sjå korleis dei vil gjere det.