12. juni 2013

Superglad supersjef i Superblokka

– Eg er utruleg glad, dette er heilt herleg! Christian Wiik Gjerde (32) er oppøst, rørt og superglad! Eit nærliggande ord for programleiaren i Superblokka på NRK P1. Han visste ikkje at han var nominert og endå mindre at han skulle få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2013.

Christian Wiik Gjerde

Christian Wiik Gjerde (Foto: Anne Liv Ekroll/NRK)

– Eg har verdas beste jobb, og det å få ein pris for språket mitt er julaftan, syttande mai og bursdag på ein gong, jublar han.

Du har kanskje høyrt den sunnmørske røysta som sjonglerer lettbeint mellom Bieber og Prøysen i kveldinga, som snakkar alvorleg om mobbing eller undrar seg over kvifor plantar treng lys, kvifor vi har snørr i nasen, eller korleis vi lagar store såpebobler?

Bestemt publikum

Sjølv utan småbarn i huset vel mange å ha radioen og Superblokka i NRK P1 på i kvardagen mellom middag og fjernsynskveld.

Om du har småbarn er det nærast eit krav frå dei håpefulle å få dryge legginga endå litt lenger etter barne-TV, for å få med Christian sin halvtime på radioen rett etter.

Superblokka er arvtakaren til Barnetimen. No heiter det Superblokka med Christian, hakket kulare ja visst, men likevel etter velkjent oppskrift.

Kvar vekedag og laurdag kveld tonar musikk, intervju, spørjekonkurransar, eventyr og spanande historier ut frå radioen i halvsju-tida.

Alt med utgangspunkt i kvardagen til barna og ikkje minst; i ei språkdrakt barn kan forstå og kjenne seg att i.

Barnsleg alvor

– Det handlar om å ta barn på alvor, det er deira tankar som er hovudfokuset. Vi ler ikkje av dei, men med dei, og vi prøver å gi rom for at barn skal verte sett og høyrt, fortel Christian. Han meiner fantasien til barna er ei eineståande gullgruve som berre ut til folk.

– Eg vert stadig imponert over kva tankar og spørsmål barn kan ha rundt ulike saker og ting. Dei kjem ofte inn frå heilt andre vinklar enn det vi vaksne gjer, utdjupar Christian.

Sjølv vaks han opp i Tjørvåg i Herøy på Sunnmøre, ein trygg barndom med mykje sjø, skog og fjell. Han fekk spikkekniv og båt som sjuåring, dialekten vart like brei som sjøbeinet. I det eit og eit halvt året han har vore på lufta som programleiar i Superblokka har han heile tida snakka dialekt med normert nynorsk. På NRK Super sine nettsider skriv han nynorsk.

Språk er identitet for barn

– Dialekten min og nynorsken, er identiteten min. Språket mitt er Christian, og det er heilt uaktuelt for meg å «pynte på» det. Nynorsk er for meg verdas vakraste og rikaste språk!

– Hender det at barn ikkje forstår deg?

– Eg snakkar norsk, det er klart dei forstår meg! I motsetting til mange vaksne har ikkje barn fordomar mot nye ord. Om vi skal skåne folk frå ein dialekt fordi vi er redd for at barn ikkje forstår, misser vi til slutt språket og forståinga. Barn forstår langt meir enn vi trur. Språk og dialekt er ein kulturarv som skaper identitet for barna våre, seier ein engasjert Christian.

Øyaguten har sjølv eit lettare traumatisk minne rundt dette frå eigen barndom. Mora fann ein kveld vesle Christian gråtande framfor barne-TV. Grunnen var at Christian tenkte han aldri kunne vere med i NRK sitt TV-univers på grunn av dialekten. Alle der snakka austlandsk!

Supert språk

– Tidene har heldigvis endra seg, seier Christian og framhevar oppglødd innsatsen som NRK Super no gjer for språket i barne- og ungdomsprogramma.

– NRK Super gjer ein eineståande jobb med å bruke det språklege mangfaldet og dei ulike dialektane som finst i Noreg. I alt frå eigne produksjonar, til det å dubbe innkjøpte filmar på ulike dialektar. Her er bergensarar, trøndarar, nordlendingar, hallingdølar og sørlendingar representerte i alle roller, skurkar som heltar!

Sjølv har han sju-åtte andre medarbeidarar frå NRK Super bak seg i Superblokka. Dei produserer innhald og førebur radiosendingane saman med Christian. Handlinga går føre seg i eit tenkt univers; i ei bustadblokk, Superblokka, der Christian bur saman med mange andre vener.

Framtida og nynorsken

Christian Wiik Gjerde arbeidde nokre år som kontaktlærar på Bogstad skole i Oslo, før han kom inn ved NRK Nynorsk Mediesenter i Førde. Han hadde heile tida draumen om å få arbeide med journalistikk for barn og unge.

– Det var i Førde dørene opna seg. Eg har så mykje å takke NRK Nynorsk Mediesenter for, hadde det ikkje vore for dei hadde eg aldri kome så langt som eg har i dag. Har du eit mål i livet må du tore å satse, og jobbe framover. Det har eg gjort, og eg har ikkje angra ein dag.

– Med så mykje kontakt med barn og unge, kva tenker du om framtida til nynorsken?

– Det er eit godt spørsmål. Eg håpar og trur at det heile tida vil kome til nye og engasjerte menneske som arbeider for å ta vare på nynorsken. Eg håpar den jobben vi gjer i NRK Super, og det andre gjer – også til dømes de som delar ut prisar, aukar engasjementet og banda til nynorsk. Det at eg får Nynorsk Journalistpris 2013 gjer at eg kjem til å brenne endå meir for språket mitt resten av livet. Eg er så glad og stolt!

 

Intervju; Gry Molvær