6. september 2017

Synne debuterte på riks

Det er sjeldan at nynorskpraktikantane har fyrste saka dei lagar på riksnettet, men det presterte Synne Ulltang i dag. Ei sak om eldre på ein sjukeheim som har fått høns i hagen hamna i Nyhetsmorgen i NRK P2.

Etter at saka til Synne var på riksnettet i P2 gjekk ho i NRK Sogn og Fjordane og i NRK P1+.

– Å ha så stor utteljing med fyrste saka si på lufta kan eg ikkje hugse at nokon praktikant har hatt før, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.