30. november 2018

Takk for nynorskkursa

Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu fekk i går takk frå språksjefen for dei tolv nynorskkursa dei har halde rundt om i NRK i år. – Eg vil tru mange bokmålsjournalistar lærer meir på tre timar med Rune og Noralv enn dei gjorde på ungdomsskulen og i vidaregåande, stod det i helsinga frå fungerande språksjef Ingvild Bryn.

Førre veke var det eldsjeler i NRK Rogaland som fekk det språksjefen kallar “Smågodtprisen”. I Førde var det språkkontakt Tone Merete Lillesvangstu, i NRK Sogn og Fjordane, som fekk æra av å dele ut blomar og smågodt og lese opp meldinga frå språksjef Bryn:

“Noralv og Rune er gode og humørfylte ambassadørar for nynorsken der dei reiser land og strand med kurset sitt. Dei er dyktige lærarar, og eg vil tru at mange bokmålsjournalistar lærer meir på tre timar med Rune og Noralv enn dei gjorde på ungdomsskulen og vidaregåande. På pedagogisk vis greier dei å få kurset interessant og lærerikt, både for dei som kan mykje frå før og dei som ikkje fulgte så godt med i nynorsktimane. Eg er glad for at Nynorsk mediesenter, med Magni i spissen, oppfyller det som står svart på kvitt i Nynorsk handlingsplan – nemleg at vi skal halde nynorskkurs i NRK. Neste år er det klart for nye kurs, men tusen takk for den innsatsen de har gjort til no. Håpar Smågodtprisen fell i smak!”

Noralv Pedersen er journalist i NRK Sogn og Fjordane og Rune Fossum Lillesvangstu er faglærar i NRK Nynorsk mediesenter.