30. april 2015
av Randi Indrebø

Takk for oss!

Eg har i det siste tenkt på korleis eg kan få summert opp og takka for tida her på NRK Nynorsk mediesenter. I dag er min siste dag i Førde og eg vart til overmål vekt av eit forrykande rabalder i halv seks om morgonen. Då eg såg ut vindauget og fant eg fort ut kva alt rabalderet var for noko. To skjorer arbeidde iherdig for å bygge eit reir for sine små håpefulle. Nett slik er folka på NRK Nynorsk mediesenter og i redaksjonen.

Magni, Randi og Terje hadde slik som skjorene bygd eit stort og komfortabelt reir som vi plumpa ned i ein kald januardag. På “loftet” som det blir kalla her på huset ruga dei ut uklekte journalistspirer og lærte oss grepa som må til for å klare oss i den store journalistjungelen. Det verka kanskje ikkje slik då, men oppe på loftet var det trygt og godt. Ein isolert tilstand med den faretrugande røynda trygt på avstand langt der nede.

Men Dette skulle ikkje vare. I det vi følte at vi so vidt hadde hakka oss ut av egget vart vi presentert for litt større og skumlare skjorer nede på “desken”. Her vart vi, som seg høyr og bør, fort jekka ned og på plass. Men sjølv om skjorene her nede bråkar meir enn dei oppe på loftet, meiner dei alltid vel. Har det gått oss ille og vi har vore uvørden med teknikken eller fullstendig mista “fokus” på saka, breier dei vengene sine om oss og syner oss korleis vi kan redde oss inn att. Før kaklinga held fram sjølvsagt. Det er jo skjorer vi snakkar om.

Og no er det ingen bøn lenger. Frå og med måndag blir vi kasta ut av reiret. Det er jo ikkje til å stikke under ein stol av vi er nervøse. Sjansane for å klare seg er kanskje dårlegare enn det var for nokre år sidan – reiret henger ikkje so høgt som det ein gong gjorde. Nokon vil kanskje ikkje klare det og deise i bakken, men alle her i Førde har gjort sitt yttarste for at vi skal kunne klare å spreie vengene og flyge på eiga hand.

For det er eg evig takksam!

Bård