20. desember 2019

Takka for seg og reiste ut i verda

Praktikantane på kull 31 har lagt bak seg fire månadar i Førde. Siste arbeidsdagen takka dei for seg under julelunsjen i NRK. No ventar to månadar med ekstern praksis.

Det var både diktlesing, takketalar og gåvedryss då praktikantane på kull 31 vart takka av med den tradisjonsrike julelunsjen på NRK-huset i Førde. Praktikantane takka både NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane for tida i Førde. Etter to månadar med opplæring på «loftet» har praktikantane vore gjennom ei hektisk og lærerik tid på desken i NRK Sogn og Fjordane.

Frå 6. januar skal dei i ekstern praksis. Han varer ut februar, og då er dei ferdige med halvåret som nynorskpraktikantar. Då er vona vår at dei skal få halde fram i NRK, men fyrst må dei syne kva dei er gode for i det praktiske arbeidet i redaksjonane.

Oda Elise Svelstad (framme på biletet) skal ha ekstern praksis i Kulturnytt i NRK Nyhende, Vilde Gjerde Lied i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, Lars Volldal i NRK Sogn og Fjordane, Elias Håvarstein i NRK Rogaland, og Hans Ivar Moss Kolseth skal ha praksis i nettredaksjonen i NRK.no.