10. juni 2013

Terje Gilleshammer blir ny faglærar

Gilleshammer er utdanna innan Internasjonal Marknadsføring. Men journalistyrket lokka han til jobb i NRK Sogn og Fjordane.

Terje-Gilleshammer-b500«Eg har eit sterkt engasjement for å fortelje historier som er viktige for folk der ute, som journalist kan ein fortelje historier som angår oss alle. Det kan vere noko som får oss til å smile eller noko som forargar oss. Det kan vere nokon som gjer ein viktig innsats eller noko som er urettferdig. Uansett har vi som journalistar eit ansvar for å løfte fram desse historiene».

I NRK Sogn og Fjordane  har han jobba som radio og Tv-reporter.

Tre år som vaktsjef for TV og radio har gitt han praktisk erfaring med å rettleie og hjelpe fram unge journalistar.

«Både som vaktsjef og reporter har eg sett korleis rettleiing kan få unge journalistar til å finne den nødvendige drivkrafta og engasjementet. Eg har også sett kvar einaste dag korleis Nynorsk mediesenter sine praktikantar endar opp som gode journalistar, som særleg NRK  har svært god nytte av»