7. mai 2019

Thomas Brakstad til Brann

Thomas Brakstad er tilsett i fast jobb som ansvarleg for media og kommunikasjon i Sportsklubben Brann. Han er vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane og var nynorskpraktikant på kull 23, våren 2015.

Brakstad skal byrje i jobben 1. august og har sagt opp jobben sin som journalist/vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane. Han skal ha ansvar for Brann sin redaksjonelle kommunikasjon og redaksjonelle innhald, og høyre heime i kommersiell avdeling, skriv Bergensavisen i dag.

Brakstad er 29 år og kjem frå Meland. Han har ei bachelorgrad i journalistikk frå Queensland Universitet i Australia, var nynorskpraktikant våren 2015 og har drive med journalistikk frå tidlege tenår i lokalavisa Strilen. Brakstad har hatt praksis og vikariat i NRK Sporten, og arbeidd som frilansar for både VG Nett, Bergens Tidende og Bergensavisen.