10. desember 2018

Thomas Brakstad vert vaktsjef

Thomas Brakstad (1989) er tilsett som vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane frå nyttår av, for oppdatering/nett. Han har vore journalist ved distriktskontoret sidan nyttår 2017 og var nynorskpraktikant i 2015/16. Brakstad er frå Meland i Hordaland.

Thomas Brakstad byrja som frilansar i lokalavisa Strilen allereie som 16-åring. Sport er hans store lidenskap og han har arbeidd i sportsredaksjonane til både NRK, BT, BA og VG Nett som frilansar. Han har ein bachelor i journalistikk ved Queensland University of Technology, Brisbane, Australia, og var nynorskpraktikant på kull 23 i 2015/16.