15. mars 2012

Tida flyg når ein har det moro

Dei to første radiovekene er over, dei komande to vekene skal eg ver nettjournalist, før eg igjen vert å høyre på radioen. Dei siste to vekene skal eg derimot på TV. Det vert spanande! Det har gått i eitt sidan eg kom ned, og godt er det! Måndagen tok eg tak i ei sak eg […]

Dei to første radiovekene er over, dei komande to vekene skal eg ver nettjournalist, før eg igjen vert å høyre på radioen. Dei siste to vekene skal eg derimot på TV. Det vert spanande!

Det har gått i eitt sidan eg kom ned, og godt er det! Måndagen tok eg tak i ei sak eg hadde grunda på heile helga. Åmot Operagard vann årets perle-pris, men kom på sisteplass i publikumsavstemminga. Trass i at juryen og publikum skulle bestemme i lag, så vann altså publikumstaparen. Høyr innslaget her.

Allereie dag 2 fekk eg prøve med på direktesendt radio frå barnehagen, der eg skulle høyre med borna kva dei tenkte om jente- og gutefargar. Høyr det spontane innslaget her.

Same dag tok eg turen på mor-baby-trening. Eit fenomen for heimeverande småbornsmødre som vil kome seg ut av huset og røre litt på seg, i samspel med babyen sin. Høyr saka her!

Onsdagen var det duka for kvinnesaker. NRK sine eigne tal syner av berre 1 av 3 kjelder NRK bruker er kvinner. Kva tenkjer kvinner som faktisk er mykje i media, om dette?

Torsdagen gjekk med til planlegging av dagen etter. Då reiste nemleg eg, Oddleif, Birger og Brit Jorunn opp til Stryn for å dekke NM i skiskyting for junior. Eg og Birger skulle ha heile ettermiddagssendinga, og eg var særs spent. Men nervøsitetet gjekk over når me kom på lufta, og eg trur det gjekk ganske greit. Eg kan ikkje legge den ut her diverre, då må eg klippe ut kvart segment og deeet… tek for mykje tid.

Men helgejobbinga var ikkje over på fredagen! Laurdagen intervjua eg 5 kjekke skiskytarar om det å vere søsken i same sport. Det viste seg nemleg at heile 8 av dei litt over 20 utøvarane på Team Nordfjord var søsken. Altså. Ikkje 8 søsken, men 4 søskenpar, totalt 8. I tillegg snakka eg med godaste Johannes Thingnes Bø som er veslebroren til den ikkje ukjende Stryningen Tarjei Bø. Høyr saka her!

Meir saker kjem litt seinare i dag!