10. januar 2013
av Magni Øvrebotten

Tida flyr i godt lag

I dag er det ei veke sidan eg spaserte nervøst bort til NRK Sogn og Fjordane. Tida har gått så utruleg fort! Samstundes har me verkeleg hatt nok å bruke tida vår på. I juleferien bekymra eg meg mykje for at det skulle vere lite å ta seg til her her etter arbeidstid, og frykta at […]

I dag er det ei veke sidan eg spaserte nervøst bort til NRK Sogn og Fjordane. Tida har gått så utruleg fort! Samstundes har me verkeleg hatt nok å bruke tida vår på.

I juleferien bekymra eg meg mykje for at det skulle vere lite å ta seg til her her etter arbeidstid, og frykta at eg kom til å kjede meg i hjel. Førde har derimot vist seg å ha mykje å by på, både når det gjeld butikkar og uteliv. Attpåtil er eg så heldig å få bu med to kjekke jenter i Bettenhuset. Eit realt jentekollektiv, med andre ord. Heldigvis har me alle kvart vårt bad, utan ville det vore kaos om morgonen.

Det har verkeleg vore nokre spanande og lærerike dagar. Berre denne veka har me fått innføring i forskjellige program som gir oss moglegheita til å redigere tekst, radio og bilete, og allereie i går fekk me beskjed om å lage vår første radioreportasje. Det var skummelt å setje i gong, men når eg først hadde gjort unna intervjuet gjekk det fort. Då me nærma oss deadline klokka kvart over elve skal eg love deg at det var ein stressa gjeng som satt her på loftet. Heldigvis gjekk det bra!

No sit eg her ved pulten min saman med den livsviktige morgonkaffien. I dag skal me blant anna lære om journalistisk struktur og fokus, noko eg trur kjem til å bli særs spanande.

Sjølv om tida i blant går baklengs (ja, det hender at klokka går feil veg) her oppe på loftet, og sjølv om eg er utslitt når dagen er over, ser eg verkeleg fram til vekene som kjem.