1. februar 2013
av Magni Øvrebotten

Tida går fort, fort, så altfor fort…

Steike kor tida flyr. Eg reknar med det er eit godt teikn. Samstundes er det rart å tenke på at me snart er halvvegs i tida vår her på Loftet, der me nynorskpraktikantar held til. Førre veke avslutta me radioopplæringa, og denne veka har fokuset vore på «nett», noko som betyr artiklar og publisering på […]

Steike kor tida flyr. Eg reknar med det er eit godt teikn. Samstundes er det rart å tenke på at me snart er halvvegs i tida vår her på Loftet, der me nynorskpraktikantar held til.

Førre veke avslutta me radioopplæringa, og denne veka har fokuset vore på «nett», noko som betyr artiklar og publisering på nett. Dette er litt kjent for meg frå før av, men å publisere nettsaker med video og lyd er nye erfaringar, og ein type journalistikk eg kjenner eg er stor fan. Både som journalist og mediebrukar. Som lesar kan eg kome nærare intervjuobjektet ved å høyre stemma eller sjå video, samstundes som eg kan få utfyllande informasjon gjennom artikkelen. Som journalist kan ein få gjort varierte arbeidsoppgåver, og formidle mykje meir informasjon enn det ein får gjennom berre ein type medie.

Sånn elles går dagane med til trening, sosialt samvære og avslapping. Eg har meldt meg som såkalla flyktningkontakt. Det høyres sikkert voldsomt ut, men betyr strengt tatt berre at eg har funne meg nok ein afrikanar å bli kjent med. Slikt er alltid kjekt. Han her kjem frå Sudan, og familien hans eig mange kamelar, så då snakkar me litt om det. Sist laurdag vart eg også invitert heim til han på middag. Då kjøpte me først ei heil ferdiggrilla høne på Coop, og åt den med henda, saman med noko agurk og brødskiver. Må seie eg elskar den bakoverlente livsstilen til afrikanarane. Sudan, Mali, Kamerun eller Kenya. Det ser ikkje ut til å spele noko rolle. Dei er like sjarmerande alle saman.

Til slutt vil eg berre gjere alle merksame på at eg no har skrive tre blogginnlegg, og at eg dermed leiar konkurransen om flest innlegg. Eg veit ikkje om dei andre er klar over at eg har starta ein slik konkurranse, men det har eg altså. Så gjenstår det å sjå om dei les bloggen min. Fleire bilete kjem ei anna gong. No er det først helg i Bergen.