10. mars 2016

Tidlegare praktikant banka opp i Ingusjetia

-Dei kom med store trestokkar og knuste alle glasrutene i bussen. Dei klatra inn frontruten og slo det dei greidde på alle saman , seier Øystein Windstad til NRK.

winstadWinstad var nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter i 2006, og var på veg til Tsjetjenia for tidskriftet Ny Tid.

Reisefølgjet sat i ein minibuss då maskerte menn dukka opp i fleire bilar.

De fem journalistene frå blant andre Sveriges Radio var på reportasjetur saman med russiske menneskerettsaktivistar og angrepet skjedde på grensa mellom dei russiske republikkane Ingusjetia og Tsjetsjenia i går kveld.

Journalistane var på veg til Tsjetsjenias hovudstad Groznyj der dei skulle møte offer for brot på menneskerettane og familiemedlemar til bortførte personar.

– Eg sat i bar overkropp og fekk slag og stokkeslag frå alle sider. Eg blødde mykje og fekk store skadar, fortel Windstad.

I eit ledig sekund hoppa han ut av eit vindu og stakk av frå dei maskerte angriperane.

– Eg la på sprang bortover ei mark og gøymde meg i det høge graset. Sekund etter at eg kom ut av bussen, eksploderte den og stod i full fyr, seier Windstad.