21. mars 2019

Nygård leiar for Kringkastingsringen

Kathrine Nygård (25) er ny leiar i Kringkastingsringen. Ho overtar etter Guro Kvalnes. Begge er tidlegare nynorskpraktikantar ved NRK Nynorsk mediesenter.

– Eg gler meg stort og kan ikkje anna enn å takke for tilliten, seier Kathrine Nygård i ei pressemelding frå Kringkastingsringen.

Nygård var hausten 2016 nynorskpraktikant på kull 25. Sidan har ho arbeidd i NRK Super, mellom anna som programleiar i «Skolefri». Frå hausten 2018 har ho vore frilansar. No overtek ho som leiar i Kringkastingsringen etter Guro Kvalnes, som var nynorskpraktikant på kull 20 våren 2014.

25-åringen frå Longva på Sunnmøre er klar for å gyve laus på arbeidsoppgåvene som ligg framfor ho.

– Det er nesten utruleg at ein medlemsorganisasjon som har eit så smalt arbeidsfelt har greidd å overleve i meir enn seksti år. Men det seier berre at problemet enno ikkje er løyst, og det er openbert at det er mange arbeidsoppgåver å ta tak i. Eg såg at kringkastingssjefen sa han ville at 2019 skulle bli året der NRK faktisk nådde 25 prosent nynorsk. Det vil eg og, seier ho.

Nygård har med seg fleire tidlegare nynorskpraktikantar i styret; Hans-Olav Rise, som no er frontsjef i Vårt Land, og Inger Johanne Ruset, som er informasjonsrådgjevar i Noregs Ungdomslag. I tillegg sit Kristofer Olai Ravn Stavseng, Mattias Rolighed Bergset og Kari Nygard Tvilde i styret for Kringkastingsringen.