24. februar 2014
av Randi Indrebø

Til no: sakene mine på eteren og verdsveven

Det byrjar å nære seg slutten på to månader med opplæring på Loftet her på Nynorsk mediesenter. Om to veker er det klart for intern praksis på desken i NRK Sogn og Fjordane. Huhei, kor fort det går!

Så langt har me jobba mest med radiosaker, ein del med nettsaker og litt med video. Eg har vore innom eit breitt utval av tema, og brukt mykje ulikt utstyr for å få til sakene. Nokre av godbitane har òg hamna på eteren og verdsveven:

  • Boss i do skapar problem: nett/video
  • NVE brukar for lang tid på handsaming av søknader om konsesjonar for vindkraft: radio
  • Sjukeheimar skremmer vekk nyutdanna sjukepleiarar: radio | nett
  • På glattisen med Slåtten skule: radio

God lytting og lesnad!