25. mars 2019

Når elevar vert lærarar

For Hanne Våge og Marte Iren Noreng Trøen var det spesielt å komme tilbake til Førde og vere «lærarar», for mange av dei same folka som lærde dei journalistikk då dei var nynorskpraktikantar. No var dei inviterte for å gje redaksjonen i NRK Sogn g Fjordane some-inspirasjon.

– Det var rart å stå framfor alle dei som lærte opp meg og prøve å lære dei noko, seier Marte Iren Noreng Trøen.

Både ho og Hanne Våge er tidlegare nynorskpraktikantar, og dei jobbar no i høvesvis P3nyheter og P3 på Tyholt. Der har dei opparbeidd seg god kompetanse på sosiale medium. Difor var dei fredag tilbake i Førde for å lære og inspirere redaksjonen i some-jobbing.

– Det var utruleg kjekt å få spørsmål om å komme tilbake for å fortelje litt om dei tinga eg jobbar med til dagleg, seier Trøen.

Duoen fortalde om korleis P3 presenterer nyheiter på Instagram og fortel historier på Instagram stories. Trøen trur mange distriktskontor har ein veg å gå for å nå ut til fleire med stoffet sitt.

– Eg hugsar godt korleis det var å vere reporter på desken og veit godt at ein har ansvar for å levere til mange forskjellige plattformer allereie. Men eg trur fleire har godt av å innsjå at sosiale medium veks, og vi må vere synlege der med stoffet vårt. Kanskje bør vi tenkje på å prioritere det meir framfor andre ting. Eg håpar eg inspirerte folk litt, og at dei framover har some litt meir i bakhovudet når dei jobbar med sakene sine, seier 28-åringen.

Trøen var hausten 2016 nynorskpraktikant på kull 25. Ho er no vikar i P3nyheter, medan Hanne Våge er vaktsjef i P3.no. Våge var nynorskpraktikant på vårkullet i 2013.