11. mars 2012

Tilbake med ein hund på ski

Bloggen har stått stille i det siste. Eg har vore sjuk (eller fysisk utfordra, som det kunne heitt på byråkratspråket), og det har gått utover produktiviteten. I vekene som gjekk har vi også hatt fleire dagar vigd til gjesteførelesarar. Sigrid Sollund og Solveig Hareide har eg skrive om tidlegare. I tillegg har Noralv Pedersen førelese […]

Bloggen har stått stille i det siste. Eg har vore sjuk (eller fysisk utfordra, som det kunne heitt på byråkratspråket), og det har gått utover produktiviteten. I vekene som gjekk har vi også hatt fleire dagar vigd til gjesteførelesarar.

Sigrid Sollund og Solveig Hareide har eg skrive om tidlegare. I tillegg har Noralv Pedersen førelese for oss om språket i NRK (og korleis ein unngår byråkratspråk), og Odd Isungset har vist oss døme på god og mindre god presseetikk. I morgon kjem Linda Eide for å syne korleis ein fortel ei historie på alternativt vis, slik ho gjer det i mellom anna Norsk attraksjon. Gler meg til det!

Men eg har då fått gjort noko ærleg arbeid sidan sist også. No går vi nemleg inn i andre veka med internpraksis. Eg har praksis på nett dei første to vekene. Så langt går det fint. Nettsaker kan vere så mangt: Ein del av det som blir lagt ut på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane er radiosaker skrive om og lagt til rette for nettet. Eg har arbeidd med nokre slike denne veka, t.d. her, her og her. Saka om flaumen i Måløy var basert på eit tips frå ein lyttar.

Artikkelen om Finn Tokvam og andre nynorskingar frå fylket fekk eg ideen til då eg las at Vidar Kvalshaug meiner at nynorsk vil bli eit elitespråk. Morosamt og interessant at Tokvam ikkje blir til å kjenne att på sidemålet, jamvel om han uttrykkjer dei same personlege meiningane som han ville gjort det på hovudmålet.

Saka om hunden som står (ikkje går) på ski begynte med ein artikkel i Firda, og blei mi første «riksa» nettsak, dvs. at ho kom på framsida til nrk.no. Eg ser at VG også har teke opp saka om Zanto.

Det varierer kor mykje arbeid som ligg bak ei nettsak. Ein må sjølvsagt ta omsyn til tida ein har, men i utgangspunktet opnar nettjournalistikk for uendelege og fleirmediale moglegheiter. Ei god nettsak må i botnen vere godt skriven, men kan bli endå betre med eit biletgalleri, ein video eller ein lydnsnutt, ein faktaboks, avrøysting om temaet for artikkelen, osb.

Det er fantasien som set grenser. Og i byrjinga også dei tekniske ferdigheitene, men dei kjem seg stadig. Så gjeld det berre å få dei «inn i fingrane» så ein kan ta kreativiteten meir i bruk etter kvart.

Eg satsar på å få dette endå betre til den komande veka!