Brit Jorunn Svanes

Brit Jorunn Svanes

Brit Jorunn Svanes er ein allsidig og røynd medarbeidar i NRK Sogn og Fjordane, som har lært opp mange tidlegare kull i data- og redigeringssystema i NRK. Hausten 2018 og våren 2019 er Svanes  vikar for Randi Indrebø, som er 70 prosent sjukmeld.

Svanes er utdanna programingeniør frå Høgskulen i Stavanger og arbeidde som det i mange år. Etter kvart som dei stillingane vart vekke orienterte Svanes seg mot journalistikken, samstundes som ho var den som lærde seg dei nye data- og redigeringssystema og fekk spisskompetanse på dei.

– Brit Jorunn er «teknisk spydspiss» i NRK Sogn og Fjordane, og har vore journalist og vaktsjef for nett og sosiale medium. Ho arbeider framleis som journalist og teknisk spydspiss i NRK Sogn og Fjordane, men hjelper også oss med opplæringa av nynorskpraktikantane, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Den andre faglæraren er Rune Fossum Lillesvangstu.

 

Brit Jorunn Svanes, Faglærar

Sentralbord:
57 72 42 42

Mobil:
901 31 392

E-post:
brit.jorunn.svanes@nrk.no